1Ein bodskap, HERRENS ord om Israel. HERREN, som spente ut himmelen, grunnla jorda og skapte ånda i mennesket, seier:
2Sjå, eg gjer Jerusalem til eit giftbeger for alle folka rundt omkring. Også Juda blir ramma når Jerusalem blir kringsett.
3Den dagen gjer eg Jerusalem til ein tung stein å lyfta for alle folk. Alle som prøver å lyfta han, skal riva seg til blods. Men alle folkeslag på jorda skal samla seg mot henne.
4Den dagen, seier HERREN, slår eg alle hestane med forvirring og ryttarane med galskap. Men eg vil la auga mine vaka over Judas hus og slå alle hestane til folka med blindskap.
5Då skal hovdingane i Juda seia i hjartet: «Dei som bur i Jerusalem, er sterke i sin Gud, HERREN over hærskarane.»
6Den dagen gjer eg hovdingane i Juda lik eit fyrfat i ein vedhaug og lik ein brennande fakkel mellom kornband. Dei skal øyda, til høgre og til venstre, alle folka omkring. Men folket i Jerusalem skal framleis få bu i Jerusalem.
7HERREN vil først berga telta til Juda, så ikkje Davids hus og dei som bur i Jerusalem, får større heider enn Juda.
8Den dagen skal HERREN vera skjold for dei som bur i Jerusalem. Den som snublar den dagen, skal vera som David, og Davids hus som ein gud, som HERRENS engel framfor dei.
9Den dagen aktar eg å utrydda alle dei folkeslag som kjem mot Jerusalem.
10Men over Davids hus og dei som bur i Jerusalem, auser eg ut ei nåde- og bøneånd. Då skal dei sjå på meg, på han som dei har gjennomstunge. Dei skal klaga over han liksom ein klagar over einaste sonen, og sørgja sårt over han liksom ein sørgjer over den førstefødde.
11Den dagen skal klaga i Jerusalem vera like stor som klaga over Hadad-Rimmon i Megiddo-dalen.
12Landet skal halda klage, kvar slekt for seg: Davids hus for seg og kvinnene deira for seg, Natans hus for seg og kvinnene deira for seg,
13Levis hus for seg og kvinnene deira for seg, Sjimis hus for seg og kvinnene deira for seg,
14alle dei andre slektene kvar for seg og kvinnene deira for seg.