1Kva fordel har så jøden, eller kva gagn er det i omskjeringa?
2Mykje, på alle måtar! Først og fremst det at Guds ord vart tiltrudd dei.
3Men kva så om somme av dei har vore trulause? Kan deira truløyse oppheva Guds truskap?
4Langt ifrå! Lat det stå fast at Gud talar sanning, men kvart menneske er ein løgnar. For det står skrive: Så du skal få rett når du talar, og vinna når du fører sak.
5Men om vår urett endå klårare viser Guds rettferd, kva skal vi då seia? Er ikkje då Gud urettferdig, menneskeleg tala, når han lèt vreiden koma over oss?
6Langt ifrå! Korleis skulle Gud elles kunna dømma verda?
7Men om mi løgn endå klårare viser at Gud talar sanning, og han får ære ved det, kvifor skal eg då dømmast som ein syndar?
8Skal vi ikkje då like godt gjera det vonde, så det kan føra til det gode? Det finst dei som spottar oss og seier at det er dette vi lærer. Dei skal få den dommen dei fortener.
9Kva skal vi seia til dette? Har vi jødar nokon fordel framfor andre? Nei, på ingen måte! Vi har då nettopp skulda både jødar og grekarar og sagt at dei er under synd alle saman,
10som det òg står skrive: Det finst ingen rettferdig, ikkje ein einaste.
11Det finst ingen vitug, ikkje éin som søkjer Gud.
12Alle er komne på avveg, alle er dei forderva. Det finst ikkje éin som gjer det gode, ikkje ein einaste.
13Ei open grav er strupen deira, på tunga ligg falske ord, under leppene ormegift,
14munnen er full av forbanning og harde ord.
15Lette er dei på foten når dei vil ausa ut blod,
16der dei fer, er det øydelegging og naud,
17og freds veg kjenner dei ikkje.
18Frykt for Gud har dei ikkje for auge.
19Vi veit at alt det lova seier, det seier ho til dei som har lova, så kvar munn skal teia og heile verda stå skuldig for Gud.
20Ikkje noko menneske blir rettferdig for Gud på grunn av gjerningar som lova krev. Lova gjer berre at vi lærer synda å kjenna.
21Men no er Guds rettferd, som lova og profetane vitnar om, openberra utanom lova.
22Dette er Guds rettferd som blir gjeven ved trua på Jesus Kristus til alle som trur. Her er det ingen skilnad,
23for alle har synda og manglar Guds herlegdom.
24Men ufortent og av hans nåde blir dei kjende rettferdige, frikjøpte i Kristus Jesus.
25Han har Gud stilt synleg fram, så han med sitt blod skulle vera soningsstaden for dei som trur. Slik viste Gud si rettferd. For han hadde før, i sitt tolmod, halde tilbake straffa for dei syndene som var gjorde.
26Men i vår tid ville han visa si rettferd, både at han sjølv er rettferdig, og at han seier rettferdig den som trur på Jesus.
27Kva har vi då å vera stolte av? Ingenting! Etter kva lov? Lova om gjerningar? Nei, lova om tru.
28For vi hevdar at mennesket blir rettferdig ved tru, utan lovgjerningar.
29Eller er Gud berre Gud for jødane? Er han ikkje Gud for dei andre folka òg? Jau, for dei òg.
30For Gud er éin, han som rettferdiggjer dei omskorne av tru og dei uomskorne ved den same trua.
31Opphevar vi då lova med trua? Langt ifrå! Vi stadfester lova.