Romans 1NO2011NN

1Paulus, Kristi Jesu tenar, helsar dykk, eg som er kalla til apostel og utvald til å forkynna Guds evangelium,

2det som Gud på førehand hadde lova gjennom profetane sine i heilage skrifter.

3Det er evangeliet om hans Son, Jesus Kristus, vår Herre, komen som menneske av Davids ætt

4og stadfest ved heilagdoms Ande som Guds mektige Son ved oppstoda frå dei døde.

5Ved han har eg fått nåde og apostelteneste for å føra menneske av alle folkeslag til lydnad i tru, til ære for hans namn.

6Mellom dei er òg de som er kalla til å høyra Jesus Kristus til.

7Eg helsar dykk alle i Roma, de som er elska av Gud, de som vart kalla og er heilage: Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus!

8Først av alt takkar eg min Gud ved Jesus Kristus for dykk alle, for i heile verda blir det fortalt om trua dykkar.

9Gud sjølv, som eg av heile mitt hjarte tener med evangeliet om Son hans, er mitt vitne på korleis eg uavlateleg hugsar på dykk i bønene mine.

10Eg bed alltid om at det endeleg ein gong må lukkast for meg å koma til dykk, om Gud vil.

11For eg lengtar etter å sjå dykk, så eg kan gje dykk del i ei Andens gåve for å styrkja dykk.

12Eller rettare: Saman skal vi få nytt mot ved den trua vi deler, dykkar tru og mi.

13Eg vil ikkje at de skal vera uvitande, mine sysken, om at eg mange gonger har sett meg føre å koma til dykk, men eg har vorte hindra heilt til no. For òg hos dykk ville eg gjerne hausta frukt av arbeidet mitt, slik som hos dei andre folka.

14Grekarar og barbarar, lærde og ulærde — alle står eg i gjeld til.

15Difor er det eg ønskjer å forkynna evangeliet òg for dykk i Roma.

16For eg skammar meg ikkje over evangeliet. Det er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur, jøde først og så grekar.

17For i det blir Guds rettferd openberra, av tru frå først til sist, som det står skrive: Den rettferdige skal leva ved tru.

18Guds vreide blir openberra frå himmelen over alt ugudeleg og all urett hos menneske som held sanninga nede i urett.

19For det ein kan vita om Gud, ligg ope framfor dei; Gud har sjølv lagt det ope fram.

20For hans usynlege vesen, både hans evige kraft og hans guddom, har menneska kunna sjå og skjøna av gjerningane hans heilt frå verda vart skapt. Difor har dei ikkje noko å unnskylda seg med.

21Dei kjende Gud, men likevel æra og takka dei han ikkje som Gud. Med sine tankar enda dei i det som ingenting er, og deira uforstandige hjarte vart formørkte.

22Dei påstod dei var kloke, men dei enda i dårskap.

23Dei bytte ut den uforgjengelege Guds herlegdom med bilete av forgjengelege menneske, av fuglar, firføtte dyr og krypdyr.

24Dei følgde lystene i hjartet, difor overgav Gud dei til ureinskap slik at dei vanæra kroppen sin med kvarandre.

25For dei bytte ut Guds sanning med løgn og dyrka og æra det skapte i staden for Skaparen, han som er velsigna i all æve. Amen!

26Difor overgav Gud dei til skammelege lyster. Kvinnene deira bytte ut det naturlege samlivet med det som er imot naturen.

27På same måten heldt mennene opp med det naturlege samlivet med kvinner og tok til å brenna av lyst etter kvarandre. Menn dreiv utukt med menn, og dei bar sjølve den straffa som måtte koma for villfaringa.

28Dei brydde seg ikkje om å kjenna Gud, difor overgav Gud dei til ei sviktande dømmekraft, så dei gjer slikt som ikkje sømer seg.

29Dei er fulle av allslags urett, umoral og lyst til alltid å eiga meir, av vondskap, misunning og mordlyst, strid, svik og list. Dei fer med sladder

30og baktale, dei hatar Gud og bruker vald, er hovmodige og skrytande, dei er gode til å finna på vondt og ulydige mot foreldra.

31Dei er uvituge, upålitelege, ukjærlege og utan miskunn.

32Dei veit kva Guds lov seier, at dei som driv med slikt, fortener å døy. Likevel gjer dei det ikkje berre sjølve, men dei rosar òg andre som gjer det.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Romans 1.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.