Revelation 2NO2011NN

1Skriv til engelen for forsamlinga i Efesos: Dette seier han som held dei sju stjernene i si høgre hand, han som går omkring mellom dei sju gull-lysestakane:

2Eg veit om gjerningane dine: Du har streva, og du har halde ut. Eg veit òg at du ikkje kan tola dei vonde. Du har prøvd dei som kallar seg apostlar, men ikkje er det, og du har funne at dei er løgnarar.

3Du har halde ut, og du har tolt mykje for mitt namn skuld og ikkje trøytna.

4Men dette har eg imot deg: Du har gjeve opp din første kjærleik.

5Kom i hug kvar du stod før du fall. Vend om og gjer dei gjerningane du gjorde før! Elles kjem eg til deg og tek lysestaken din bort — om du ikkje vender om.

6Men den ros skal du ha, at du hatar gjerningane til nikolaittane, slik eg sjølv gjer.

7Den som har øyre, høyr kva Anden seier til forsamlingane! Den som sigrar, vil eg la eta av livsens tre, som er i Guds paradis.

8Skriv til engelen for forsamlinga i Smyrna: Dette seier den første og den siste, han som var død og har vorte levande:

9Eg veit om trengslene du må lida, og kor fattig du er — men du er rik. Eg veit òg at du blir spotta av dei som kallar seg jødar, men ikkje er det, for dei er Satans synagoge.

10Ver ikkje redd for det du skal lida! Djevelen kjem til å kasta nokre av dykk i fengsel for at de skal setjast på prøve, og de skal lida vondt i ti dagar. Ver tru til døden, så skal eg gje deg livsens sigerskrans!

11Den som har øyre, høyr kva Anden seier til forsamlingane! Den som sigrar, skal ikkje skadast av den andre døden.

12Skriv til engelen for forsamlinga i Pergamon: Dette seier han som har det kvasse, tvieggja sverdet:

13Eg veit kvar du bur, der Satan har trona si. Likevel held du fast på mitt namn. Og du har ikkje fornekta trua på meg, ikkje eingong i dei dagane då Antipas, mitt trufaste vitne, vart drepen i byen dykkar, der Satan bur.

14Men noko har eg imot deg: Du har nokre hos deg som held seg til Bileams lære, han som lærte Balak å setja ei felle for Israelsfolket, så dei åt avgudsoffer og dreiv hor.

15Så har du òg nokre hos deg av same slaget, dei som held seg til det nikolaittane lærer.

16Vend om! Elles kjem eg snart til deg og vil kjempa mot dei med sverdet som går ut frå min munn.

17Den som har øyre, høyr kva Anden seier til forsamlingane! Den som sigrar, vil eg gje av den løynde manna. Og eg vil gje han ein kvit stein, og på steinen er det skrive eit nytt namn som ingen kjenner utan den som får det.

18Skriv til engelen for forsamlinga i Tyatira: Dette seier Guds Son, han som har auge som logande eld og føter som bronse:

19Eg veit om gjerningane dine, kjærleiken din og trua di, tenesta di og tolmodet ditt. Ja, dei siste gjerningane dine overgår dei første!

20Men dette har eg imot deg: Du toler denne kvinna Jesabel, ho som kallar seg profet, men som med læra si lokkar tenarane mine til å driva hor og eta avgudsoffer.

21Eg har gjeve henne tid til å venda om, men ho vil ikkje venda om frå sitt horeri.

22Sjå, no kastar eg henne på sjukeseng, og dei som gjer ekteskapsbrot med henne, kastar eg ut i stor naud om dei ikkje vender om frå gjerningane hennar,

23og borna hennar vil eg drepa med pest. Slik skal alle forsamlingane sanna at eg er den som granskar nyrer og hjarte, og som løner kvar og ein av dykk etter det de har gjort.

24Men til dykk andre i Tyatira, alle som ikkje følgjer denne læra og ikkje har «kjent Satans avgrunnar», som dei kallar det, til dykk seier eg: Eg legg inga ny bør på dykk.

25Hald berre fast på det de har, heilt til eg kjem.

26Den som sigrar og heilt til det siste held seg til mine gjerningar, skal eg gje makt over folkeslaga.

27Han skal styra dei med jernstav, som leirkar skal dei knusast.

28Ei slik makt har eg fått av Far min. Og eg vil gje han morgonstjerna.

29Den som har øyre, høyr kva Anden seier til forsamlingane!

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Revelation 2.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.