Revelation 1NO2011NN

1Dette er Jesu Kristi openberring, som Gud gav han så han skulle visa tenarane sine det som snart skal henda. Han sende engelen sin og kunngjorde det for tenaren sin, Johannes.

2Det er han som her vitnar om Guds ord og ber fram Jesu Kristi vitnemål, alt det han har sett.

3Sæl er den som les opp orda i denne profetien, og sæle er dei som høyrer dei og held fast på det som der står skrive. For tida er nær.

4Johannes helsar dei sju forsamlingane i Asia: Nåde vere med dykk og fred frå han som er og som var og som kjem, og frå dei sju åndene som står framfor trona hans,

5og frå Jesus Kristus, det truverdige vitnet, den førstefødde av dei døde og herren over kongane på jorda. Han som elskar oss og har fria oss frå syndene våre med sitt blod

6og har gjort oss til eit kongerike, til prestar for Gud, sin Far, han skal ha æra og makta i all æve. Amen.

7Sjå, han kjem med skyene, og kvart auge skal sjå han, også dei som har gjennomstunge han, og alle folkeslag på jorda skal bryta ut i klagerop over han. Ja, amen!

8Eg er Alfa og Omega, seier Herren Gud, han som er og som var og som kjem, Den allmektige.

9Eg, Johannes, som er bror dykkar og saman med dykk har del i trengslene, i riket og vona i Jesus, eg var på øya Patmos. Dit var eg komen på grunn av Guds ord og vitnemålet om Jesus.

10På Herrens dag kom Anden over meg, og eg høyrde ei røyst bak meg, sterk som ein basun.

11Røysta sa: «Det du får sjå, skal du skriva ned i ei bok og senda til dei sju forsamlingane: til Efesos, Smyrna, Pergamon, Tyatira, Sardes, Filadelfia og Laodikea.»

12Eg snudde meg for å sjå kven det var som tala til meg. Då såg eg sju lysestakar av gull,

13og midt mellom lysestakane ein som var lik ein menneskeson, kledd i fotsid kappe og med eit gullbelte under bringa.

14Hovudet og håret hans var kvitt som kvit ull eller som snø, og auga som logande eld,

15føtene var som bronse, glødd i omnen, og røysta lydde som bruset av veldige vassmengder.

16I si høgre hand hadde han sju stjerner, og frå munnen hans gjekk det ut eit skarpt, tvieggja sverd. Andletet var som sola når ho skin i all si kraft.

17Då eg såg han, fall eg ned for føtene hans som eg var død. Men han la høgre handa si på meg og sa: «Ver ikkje redd! Eg er den første og den siste

18og den levande. Eg var død, men sjå, eg lever i all æve og har nøklane til døden og dødsriket.

19Skriv no ned det du har sett, det som er, og det som heretter skal koma.

20Dette er løyndomen med dei sju stjernene du såg i mi høgre hand, og dei sju lysestakane av gull: Dei sju stjernene er englane for dei sju forsamlingane, og dei sju lysestakane er dei sju forsamlingane.»

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Revelation 1.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.