Psalms 49NO2011NN

1Til korleiaren. Av Korah-songarane. Ein salme.

2Høyr dette, alle folk, lyd etter, alle som bur i verda,

3høg og låg, rik og fattig!

4Min munn talar visdom, det hjartet tenkjer, er forstand.

5Eg vil venda mitt øyre til visdomsord, tyda mi gåte til klangen frå lyra.

6Kvifor frykta i vonde dagar, når eg blir kringsett av svikarars vondskap?

7Dei set si lit til sitt gods og skryter av sin store rikdom.

8Ingen kan kjøpa fri ein bror, ingen kan gje Gud løysepengar for han.

9Det er kostbart å kjøpa livet hans fri, det må ein gje opp for alltid.

10Kunne han vel leva evig og aldri sjå grava?

11Sjølv vismenn døyr, det kan alle sjå, med dårar og uforstandige går dei til grunne. Dei etterlèt sitt gods til andre.

12Grava blir deira heim for evig, ein bustad frå slekt til slekt, dei som samla seg jord i sitt eige namn.

13Med all si prakt kan mennesket ikkje vara. Det liknar dyra som må døy.

14Slik går det med dei som lit på seg sjølve, og med dei som følgjer etter og gleder seg over deira ord. Sela

15Som sauer fer dei til dødsriket, døden er deira gjetar. Dei rettskafne skal herska over dei når morgonen renn. Deira skapnad tærest bort, i dødsriket skal dei ha sin bustad.

16Men Gud vil kjøpa meg fri frå dødsrikets grep, for han vil ta meg til seg. Sela

17Ver ikkje redd når nokon blir rik, når velstanden aukar i hans hus.

18For når han døyr, får han ingenting med, velstanden følgjer han ikkje i grava.

19Han prisar seg lukkeleg her i livet: «Folk rosar deg, for du gjer det godt.»

20Likevel går han til sine fedrar, til dei som aldri meir får sjå lys.

21Med all si prakt kan mennesket ikkje forstå, det er likt dyra som må døy.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Psalms 49.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.