1Ein song. Ein salme. Av Korah-songarane.
2Stor er HERREN og verdig lov og pris i vår Guds by, på hans heilage fjell.
3Fagert og høgt, ei glede for heile jorda er Sion-fjellet lengst i nord, den store kongens by.
4I byens borger gjev Gud seg til kjenne, han er vårt vern.
5For kongane slo seg saman og drog fram i fylking.
6Dei såg opp og vart skremde, dei rømde i redsle.
7Redsle kom over dei så dei skalv, rier som hos ei fødande kvinne,
8som når austavind knuser Tarsis-skip.
9Det vi før høyrde, har vi no sett i byen til HERREN Sebaot, i byen til vår Gud. Gud held han oppe til evig tid. Sela
10I ditt tempel, Gud, tenkjer vi på di miskunn.
11Gud, der ditt namn er kjent, får du lovsong, heilt til endane av jorda. Di høgre hand er full av rettferd.
12Sion-fjellet skal gleda seg og Judas døtrer jubla over dine dommar.
13Gå rundt Sion, gå heilt omkring, tel tårna i byen,
14legg merke til vollane, gå gjennom borgene. Fortel så til den slekta som kjem:
15Slik er Gud, vår Gud for evig. Han skal føra oss ut over døden.