1Eg elskar HERREN, for han høyrde mitt rop om nåde.
2Han vende øyret til meg, eg vil kalla på han alle mine dagar.
3Dødens band snørte seg om meg, redsler frå dødsriket nådde meg, eg fann berre naud og sorg.
4Då kalla eg på HERRENS namn: «Å, HERRE, berg livet mitt!»
5HERREN er nådig og rettferdig, vår Gud er mild.
6HERREN vaktar dei uvitande, han kom meg til hjelp då eg var langt nede.
7Kom til ro att, mi sjel, HERREN har svara deg!
8Ja, du har fria mitt liv frå døden, auget frå tårer og foten frå å snubla.
9Eg skal ferdast for HERRENS andlet i landet til dei levande.
10Eg trudde, også då eg sa: «Eg er hardt plaga.»
11Eg sa i min angst: «Alle menneske lyg.»
12Kva kan eg gje HERREN att for alt det gode han gjer?
13Eg lyfter frelses beger og kallar på HERRENS namn.
14Eg oppfyller mine lovnader til HERREN framfor heile hans folk.
15Det kostar HERREN mykje at hans trugne døyr.
16Å, HERRE, eg er din tenar, ein tenar og son til di tenestekvinne. Du har løyst mine lenkjer.
17Eg slaktar takkoffer til deg og kallar på HERRENS namn.
18Eg oppfyller mine lovnader til HERREN framfor heile hans folk,
19i føregardane til HERRENS hus, midt inne i deg, Jerusalem. Halleluja!