Psalms 115NO2011NN

1Ikkje oss, HERRE, ikkje oss, gjev heller ditt namn ære, du som er kjærleg og trufast.

2Kvifor skal folka seia: «Kvar er deira Gud?»

3Vår Gud er i himmelen, alt han vil, det gjer han.

4Gudebileta deira er av sølv og gull, menneskehender har laga dei.

5Dei har munn, men kan ikkje tala, dei har auge, men kan ikkje sjå.

6Dei har øyre, men kan ikkje høyra, dei har nase, men kan ikkje lukta.

7Dei har hender, men kan ikkje føla, dei har føter, men kan ikkje gå, dei har ikkje lyd i strupen.

8Slik blir òg dei som lagar dei, og alle som set si lit til dei.

9Stol på HERREN, Israel! Han er deira hjelp og skjold.

10Stol på HERREN, Arons hus! Han er deira hjelp og skjold.

11Stol på HERREN, de som fryktar han! Han er deira hjelp og skjold.

12HERREN hugsar på oss, han velsignar. Han velsignar Israels hus, han velsignar Arons hus.

13Han velsignar dei som fryktar HERREN, dei små og dei store.

14Måtte HERREN la dykk auka i tal, både de og borna dykkar!

15De er velsigna av HERREN, han som skapte himmel og jord.

16Himmelen er HERRENS himmel, men jorda gav han til mennesket.

17Dei døde prisar ikkje HERREN, alle dei som går ned til det stille landet.

18Men vi velsignar HERREN frå no og til evig tid. Halleluja!

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Psalms 115.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.