1Nokre dagar seinare kom Jesus til Kapernaum att, og det vart kjent at han var heime.
2Det samla seg så mange at dei ikkje fekk rom, ikkje framfor døra eingong. Og han forkynte Ordet for dei.
3Då kom dei til han med ein som var lam. Det var fire mann som bar han.
4Men sidan dei ikkje kunne koma fram til han for alt folket, braut dei opp taket over den staden der Jesus var, laga ei opning og firte ned båra som den lamme låg på.
5Då Jesus såg trua deira, sa han til den lamme: «Son, syndene dine er tilgjevne.»
6No sat det nokre skriftlærde der. Dei tenkte i hjartet:
7«Korleis kan han seia noko slikt? Han spottar Gud! Kven andre kan tilgje synder enn éin — det er Gud?»
8Straks visste Jesus i ånda at dei tenkte slik, og han sa til dei: «Kvifor går de med slike tankar i hjartet?
9Kva er lettast å seia til den lamme: ‘Syndene dine er tilgjevne’ eller: ‘Stå opp, ta båra di og gå’?
10Men for at de skal vita at Menneskesonen har makt på jorda til å tilgje synder» — og no talar han til den lamme —
11«så seier eg deg: Stå opp, ta båra di og gå heim!»
12Då reiste mannen seg, tok straks båra si og gjekk ut framfor dei alle, så dei vart reint frå seg av undring. Dei lova Gud og sa: «Noko slikt har vi aldri sett.»
13Jesus gjekk ut langsmed sjøen att. Der kom det mykje folk til han, og han underviste dei.
14Då han gjekk vidare, fekk han sjå Levi, son til Alfeus, som sat på tollbua. Jesus sa til han: «Følg meg!» Då reiste han seg og følgde han.
15Sidan var Jesus gjest i huset hans, og mange tollarar og syndarar var til bords saman med Jesus og læresveinane hans, for det var mange som følgde han.
16Då dei skriftlærde mellom farisearane såg at han åt saman med syndarar og tollarar, sa dei til læresveinane: «Et han saman med tollarar og syndarar?»
17Jesus høyrde det og sa til dei: «Det er ikkje dei friske som treng lege, men dei som har vondt. Eg er ikkje komen for å kalla rettferdige, men syndarar.»
18Farisearane og læresveinane til Johannes heldt faste. Folk kom og spurde Jesus: «Kvifor fastar ikkje dine læresveinar når læresveinane til Johannes og læresveinane til farisearane gjer det?»
19«Kan vel bryllaupsgjestene fasta medan brudgomen er hos dei?» svara Jesus. «Så lenge dei har brudgomen hos seg, kan dei ikkje fasta.
20Men det skal koma ei tid då brudgomen blir teken frå dei, og når den dagen kjem, då skal dei fasta.
21Ingen syr ein lapp av ukrympa tøy på eit gammalt klesplagg. For då riv den nye bota med seg eit stykke av det gamle plagget, og rifta blir verre.
22Og ingen fyller ny vin i gamle skinnsekker. For då sprengjer vinen sekkene, vinen renn ut, og sekkene blir øydelagde. Nei, ny vin i nye skinnsekker!»
23Ein gong Jesus gjekk langsmed kornåkrane på sabbaten, tok læresveinane hans til å riva av aks medan dei gjekk.
24Då sa farisearane til han: «Sjå, kvifor gjer dei slikt som ingen har lov til på sabbaten?»
25Han svara: «Har de aldri lese kva David gjorde då han var i naud og både han og mennene hans svalt?
26Han gjekk inn i Guds hus den tid Abjatar var øvsteprest, og åt skodebrøda, dei som berre prestane har lov til å eta. Han gav òg til dei som var med han.»
27Og Jesus sa til dei: «Sabbaten vart til for mennesket og ikkje mennesket for sabbaten.
28Difor er Menneskesonen herre over sabbaten òg.»