1Her byrjar evangeliet om Jesus Kristus, Guds Son.
2Hos profeten Jesaja står det skrive: Sjå, eg sender min bodberar føre deg, han skal rydda vegen for deg.
3Ei røyst ropar i øydemarka: Rydd Herrens veg, gjer stigane hans rette!
4Slik stod døyparen Johannes fram i øydemarka. Han forkynte ein omvendingsdåp som gav tilgjeving for syndene.
5Frå heile Judea og Jerusalem drog alle ut til han. Dei sanna syndene sine og vart døypte av han i Jordanelva.
6Johannes gjekk i ei kappe av kamelhår og hadde eit lêrbelte om livet, og han levde av grashopper og villhonning.
7Han forkynte: «Det kjem ein etter meg som er sterkare enn eg, og eg er ikkje verdig til å bøya meg ned og løysa sandalreima hans.
8Eg har døypt dykk med vatn, men han skal døypa dykk med Den heilage ande.»
9På den tida kom Jesus frå Nasaret i Galilea og vart døypt av Johannes i Jordan.
10Straks han steig opp av vatnet, såg han himmelen dela seg, og han såg Anden dala ned over seg som ei due.
11Og det kom ei røyst frå himmelen: «Du er Son min, som eg elskar, i deg har eg mi glede.»
12Straks etter dreiv Anden han ut i øydemarka,
13og der var han i førti dagar og vart freista av Satan. Han heldt til mellom dei ville dyra, og englane tente han.
14Då Johannes var sett i fengsel, kom Jesus til Galilea og forkynte Guds evangelium
15og sa: «Tida er inne, og Guds rike er kome nær. Vend om og tru på evangeliet!»
16Ein gong han gjekk langsmed Galileasjøen, fekk han sjå Simon og Andreas, bror til Simon. Dei heldt på å kasta not i sjøen, for dei var fiskarar.
17Jesus sa til dei: «Kom og følg meg, så skal eg gjera dykk til menneskefiskarar!»
18Då gjekk dei beint frå garna sine og følgde han.
19Då Jesus kom litt lenger fram, fekk han sjå Jakob, son til Sebedeus, og Johannes, bror hans. Dei sat i båten og bøtte garna.
20Då kalla han dei, og dei lét far sin, Sebedeus, bli att i båten saman med arbeidskarane og følgde Jesus.
21Så kom dei til Kapernaum, og då det vart sabbat, gjekk han inn i synagogen og underviste.
22Alle var fulle av undring over læra hans, for han lærte dei med myndig tale og ikkje som dei skriftlærde.
23No var det i synagogen deira ein mann med ei urein ånd. Han sette i å ropa:
24«Kva vil du oss, Jesus frå Nasaret? Er du komen for å øydeleggja oss? Eg veit kven du er: Guds Heilage!»
25Men Jesus truga ånda og sa: «Tei still og far ut av han!»
26Og ånda reiv og sleit i mannen, skreik høgt og fór ut av han.
27Då vart alle gripne av otte og undring; dei snakka i munnen på kvarandre og sa: «Kva er dette? Ei ny, mektig lære! Han byd til og med dei ureine åndene, og dei lyder han.»
28Og ordet om han fór snart over heile Galilea-området.
29Frå synagogen gjekk dei heim til Simon og Andreas saman med Jakob og Johannes.
30Svigermor til Simon låg sjuk og hadde feber, og dei fortalde det straks til Jesus.
31Han gjekk bort til henne, tok henne i handa og reiste henne opp. Då sleppte feberen henne, og ho stelte for dei.
32Då det vart kveld og sola gjekk ned, kom dei til han med alle som var sjuke eller hadde vonde ånder.
33Heile byen var samla utanfor døra.
34Han lækte mange som leid av ulike sjukdomar, og dreiv ut mange vonde ånder. Men han lét ikkje dei vonde åndene få tala, for dei visste kven han var.
35Morgonen etter, medan det endå var mørkt, stod Jesus opp, gjekk ut og drog til ein aud stad. Der bad han.
36Simon og dei som var med han, skunda seg etter,
37og då dei fann han, sa dei: «Alle leitar etter deg!»
38Men han svara: «Lat oss fara vidare til småbyane her omkring, så eg kan forkynna der òg. Det er difor eg er komen.»
39Så drog han omkring i heile Galilea, forkynte i synagogane deira og dreiv ut dei vonde åndene.
40Ein mann som var spedalsk, kom til han, fall på kne og bad: «Dersom du vil, kan du gjera meg rein.»
41Jesus fekk inderleg medkjensle med han, rette ut handa og rørte ved han. «Eg vil», sa han. «Bli rein!»
42Med det same var sjukdomen borte, og mannen vart rein.
43Jesus tala strengt til han og sende han straks bort.
44«Sjå til at du ikkje seier eit ord til nokon om dette», sa han. «Men gå og vis deg for presten og ber fram dei offer for reinsinga di som Moses har gjeve påbod om. Det skal vera eit vitnemål for dei.»
45Men mannen gjekk av stad og gav seg til å fortelja om det som hadde hendt; han gjorde det kjent vidt og breitt. Difor kunne ikkje Jesus visa seg i nokon by lenger. Han heldt seg utanfor byane, på aude stader. Men folk kom til han frå alle kantar.