Mark 16NO2011NN

1Då sabbaten var til ende, kjøpte Maria Magdalena og Maria, mor til Jakob, og Salome angande olje, for dei ville gå og salva han.

2Tidleg om morgonen første dagen i veka kom dei til grava med det same sola rann.

3Dei sa seg imellom: «Kven skal vi få til å rulla steinen frå gravopninga?»

4Men då dei såg opp, fekk dei sjå at steinen var rulla til sides. Han var svært stor.

5Då dei kom inn i grava, såg dei ein ung mann som sat på høgre sida, kledd i ein lang, kvit kjortel. Dei vart gripne av otte og undring,

6men han sa til dei: «Ver ikkje redde! De leitar etter Jesus frå Nasaret, den krossfeste. Han er stått opp, han er ikkje her. Sjå her er staden der dei la han!

7Men gå av stad og sei til læresveinane hans og til Peter: ‘Han går føre dykk til Galilea. Der skal de få sjå han, slik han har sagt dykk.’»

8Då gjekk dei ut att og rømde frå grava, skjelvande og frå seg av redsle. Og dei sa ikkje eit ord til nokon, for dei var redde.

9{{Då Jesus hadde stått opp att, tidleg den første dagen i veka, synte han seg først for Maria Magdalena, som han hadde drive sju vonde ånder ut av.

10Ho gjekk av stad og fortalde det til dei som hadde vore med han, og som no sørgde og gret.

11Men då dei fekk høyra at han levde, og at ho hadde sett han, trudde dei det ikkje.

12Sidan synte han seg i ein annan skapnad for to av dei medan dei var på veg ut på landet.

13Dei òg kom og sa det til dei andre, men dei vart heller ikkje trudde.

14Til sist synte han seg for dei elleve medan dei var til bords. Han refsa dei fordi dei var så vantru og hardhjarta, og fordi dei ikkje trudde på dei som hadde sett at han var stått opp.

15Han sa til dei: «Gå ut i all verda og forkynn evangeliet for alt som Gud har skapt!

16Den som trur og blir døypt, skal bli frelst. Men den som ikkje trur, skal bli fordømd.

17Og desse teikna skal følgja dei som trur: I mitt namn skal dei driva ut vonde ånder, dei skal tala nye tungemål,

18dei skal ta ormar i hendene, og om dei drikk dødeleg gift, skal det ikkje skada dei. Dei skal leggja hendene på sjuke så dei blir friske.»

19Etter at Herren Jesus hadde sagt dette til dei, vart han teken opp til himmelen og sette seg ved Guds høgre hand.

20Men dei gjekk ut og forkynte alle stader. Herren sjølv var hos dei og stadfeste Ordet med dei teikna som følgde med.}}

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Mark 16.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.