1Mange har alt prøvd å gje ei framstilling av det som har vorte oppfylt blant oss,
2slik vi har fått det overlevert av dei som frå første stund var augnevitne og tenarar for Ordet.
3No har eg òg sett meg føre å skriva det ned for deg i samanheng, vørde Teofilos, etter å ha granska alt vel frå først av,
4så du kan sjå at det er påliteleg, det du er opplært i.
5I dei dagane då Herodes var konge i Judea, var det i Abias vaktskift ein prest som heitte Sakarja. Kona hans var òg av Aronsætta og heitte Elisabet.
6Begge var rettferdige for Gud og levde uklanderleg etter alle Herrens bod og forskrifter.
7Dei var barnlause, for Elisabet kunne ikkje få born, og no var dei begge langt oppi åra.
8Ein dag gjorde Sakarja presteteneste for Gud, for turen var komen til hans vaktskift.
9Dei kasta lodd, som skikken var blant prestane, og det fall på Sakarja å gå inn i Herrens tempel og brenna røykjelse på altaret.
10Medan offeret vart bore fram, stod heile folkemengda utanfor og bad.
11Då synte ein Herrens engel seg for han på høgre sida av røykjelsesaltaret.
12Sakarja vart slegen av redsle då han såg dette.
13Men engelen sa til han: «Ver ikkje redd, Sakarja! Bøna di har vorte høyrd. Elisabet, kona di, skal føda deg ein son, og du skal gje han namnet Johannes.
14Han skal bli til glede og fryd for deg, og mange skal gleda seg fordi han er fødd.
15For han skal vera stor i Herrens auge. Han skal ikkje drikka vin og sterk drikk, og heilt frå mors liv skal han vera fylt av Den heilage ande.
16Han skal få mange i Israel til å venda om til Herren, deira Gud.
17Han skal gå føre Herren med same ånd og kraft som Elia hadde, for å venda fedrehjarta til borna og gje ulydige det sinn som rettferdige har, for å gjera i stand for Herren eit folk som er vel førebudd.»
18Då sa Sakarja til engelen: «Korleis kan eg vita om dette er sant? Eg er ein gammal mann, og kona mi er òg langt oppi åra.»
19Engelen svara: «Eg er Gabriel, som står for Guds andlet. Eg er send for å tala til deg og bera fram denne gode bodskapen.
20No skal du bli stum og ikkje kunna tala før den dagen dette hender. For du trudde ikkje orda mine. Men det eg har sagt, skal oppfyllast i si tid.»
21Imedan stod folket og venta på Sakarja og undra seg over at han vart verande så lenge i tempelet.
22Men då han kom ut, kunne han ikkje tala med dei. Dei skjøna at han hadde hatt eit syn i tempelet. Han gjorde berre teikn til dei; han var og vart verande stum.
23Då tenestetida hans var ute, fór han heim att.
24Ei tid etter vart Elisabet, kona hans, med barn, og ho heldt seg borte frå folk i fem månader.
25«Dette har Herren gjort for meg», sa ho. «No har han sett til meg og teke bort mi vanære blant folk.»
26Men då Elisabet var i sjette månaden, vart engelen Gabriel send frå Gud til ein by i Galilea som heitte Nasaret,
27til ei jomfru som var lova bort til Josef, ein mann av Davids ætt. Namnet hennar var Maria.
28Engelen kom inn til henne og sa: «Ver helsa, du som har fått nåde! Herren er med deg!»
29Ved desse orda vart ho forskrekka og undrast på kva denne helsinga skulle tyda.
30Men engelen sa til henne: «Ver ikkje redd, Maria! For du har funne nåde hos Gud.
31Høyr! Du skal bli med barn og få ein son, og du skal gje han namnet Jesus.
32Han skal vera stor og kallast Son til Den høgste. Herren Gud skal gje han kongsstolen til David, far hans.
33Han skal vera konge over Jakobs hus til evig tid, og det skal ikkje vera ende på kongedømet hans.»
34Maria sa til engelen: «Korleis skal dette gå til når eg ikkje har vore saman med nokon mann?»
35Engelen svara: «Den heilage ande skal koma over deg, og krafta frå Den høgste skal skyggja over deg. Difor skal òg barnet som blir fødd, vera heilagt og kallast Guds Son.
36Og høyr: Elisabet, slektningen din, ventar ein son, ho òg, på sine gamle dagar. Ho som dei sa ikkje kunne få born, er alt i sjette månaden.
37For ingen ting er umogleg for Gud.»
38Då sa Maria: «Sjå, eg er Herrens tenestekvinne. Lat det gå meg som du har sagt.» Så forlét engelen henne.
39Nokre dagar etter drog Maria av stad og skunda seg opp i fjellbygdene, til den byen i Juda
40der Sakarja budde. Der gjekk ho inn til Elisabet og helsa på henne.
41Då Elisabet høyrde helsinga frå Maria, sparka barnet i magen hennar. Ho vart fylt av Den heilage ande
42og ropa høgt: «Velsigna er du mellom kvinner, og velsigna er frukta i ditt morsliv.
43Korleis kunne det henda meg at mor til Herren min kjem til meg?
44For då lyden av helsinga di nådde øyret mitt, sparka barnet i magen min av fryd.
45Ja, sæl er ho som trudde, for det Herren har sagt til henne, skal oppfyllast.»
46Då sa Maria: «Mi sjel høglovar Herren,
47og mi ånd frydar seg i Gud, min frelsar.
48For han har sett til si tenestekvinne i hennar fattigdom. Og sjå, frå no av skal alle slekter prisa meg sæl,
49for store ting har han gjort mot meg, han, den mektige; heilagt er hans namn.
50Frå slekt til slekt varer hans miskunn over dei som ottast han.
51Han gjorde storverk med sin sterke arm; han spreidde dei som bar hovmodstankar i hjartet.
52Han støytte stormenn ned frå trona og lyfte opp dei låge.
53Han metta dei svoltne med gode gåver, men sende dei rike tomhendte frå seg.
54Han tok seg av Israel, sin tenar, og kom i hug si miskunn
55slik han lova våre fedrar, Abraham og hans ætt, til evig tid.»
56Maria vart verande hos Elisabet i om lag tre månader; så reiste ho heim att.
57Så kom tida då Elisabet skulle ha barn, og ho fødde ein son.
58Naboane og slektningane hennar fekk høyra at Herren hadde vist henne stor miskunn, og dei gledde seg med henne.
59Den åttande dagen kom dei og skulle omskjera guten. Dei ville kalla han Sakarja etter faren,
60men mora sa: «Nei, han skal heita Johannes.»
61«Det er då ingen i slekta di som har det namnet», svara dei.
62Så gjorde dei teikn til faren for å få vita kva han ville at guten skulle heita.
63Han bad om ei tavle og skreiv: «Johannes er namnet hans.» Alle undra seg,
64men i det same vart munnen hans opna og tunga løyst. Han tala og prisa Gud.
65Då kom ei redsle over alle dei som budde der omkring, og rundt i alle fjellbygdene i Judea snakka folk om det som hadde hendt.
66Alle som høyrde det, tok det til hjartet og spurde: «Kva skal det vel bli av dette barnet?» Og Herrens hand var med han.
67Sakarja, far hans, vart fylt av Den heilage ande. Han tala profetisk og sa:
68«Velsigna er Herren, Israels Gud, for han såg til sitt folk og har løyst det.
69Han har reist for oss eit horn til frelse i sin tenar Davids hus,
70så som han lova frå gammal tid ved munnen til sine heilage profetar:
71å frelsa oss frå våre fiendar og frå handa åt alle dei som hatar oss.
72Han viste miskunn mot våre fedrar og kom i hug den heilage pakta,
73den eid han gav som lovnad til Abraham, vår far,
74så vi, frelste frå fiendehand og utan otte, kan tena han for hans andlet
75i reinleik og rettferd alle våre dagar.
76Og du, barn, skal kallast profet for Den høgste, for du skal gå fram føre Herren og rydda hans vegar
77og læra folket hans å kjenna frelsa når deira synder blir tilgjevne,
78for vår Gud er rik på miskunn. Slik skal lyset frå det høge gjesta oss som ein soloppgang
79og skina for dei som bur i mørker og dødens skugge, og styra våre føter inn på fredens veg.»
80Og guten voks og vart sterk i ånda. Han heldt seg i øydemarka til den dagen han skulle stiga fram for Israel.