Joshua 12NO2011NN

1Dette er kongane i landet som israelittane vann over, dei som rådde over landet som israelittane tok i eige på den andre sida av Jordan, på austsida, frå Arnon-elva til Hermon-fjellet, heile austsida av Araba-sletta:

2amorittkongen Sihon, som budde i Hesjbon og rådde over området frå Aroer, som ligg ut mot Arnon-elva, området frå midt i dalen og over halve Gilead til Jabbok, elva som er grense mot ammonittane,

3og over Jordan-dalen, opp til austsida av Kinneret-sjøen og ned til austsida av Araba-sjøen — som blir kalla Saltsjøen — bort imot Bet-Jesjimot, og sørover nedst i Pisga-skråningane.

4Vidare området til Og, kongen i Basan, ein av dei som var att av refaittane. Han hadde sete i Asjtarot og Edre'i

5og rådde over Hermon-fjellet, Salka og heile Basan, til grensa mot gesjurittane og maakatittane, og over halve Gilead, til grensa mot Sihon, kongen i Hesjbon.

6Moses, HERRENS tenar, og israelittane hadde vunne over desse kongane, og Moses, HERRENS tenar, hadde gjeve landet i eige til rubenittane og gadittane og halvparten av stammen til Manasse.

7Dette er kongane i landet som Josva og israelittane vann over på vestsida av Jordan. Landet frå Baal-Gad i Libanon-dalen til snaufjellet som stig opp mot Se'ir gav Josva Israel-stammane til eige. Kvar stamme fekk sin del,

8i fjellandet, i låglandet og på Araba-sletta, i skråningane, i ørkenen og Negev, i landet til hetittane, amorittane, kanaanearane, perisittane, hevittane og jebusittane. Kongane var:

9kongen i Jeriko, éin, kongen i Ai ved Betel, éin,

10kongen i Jerusalem, éin, kongen i Hebron, éin,

11kongen i Jarmut, éin, kongen i Lakisj, éin,

12kongen i Eglon, éin, kongen i Geser, éin,

13kongen i Debir, éin, kongen i Geder, éin,

14kongen i Horma, éin, kongen i Arad, éin,

15kongen i Libna, éin, kongen i Adullam, éin,

16kongen i Makkeda, éin, kongen i Betel, éin,

17kongen i Tappuah, éin, kongen i Hefer, éin,

18kongen i Afek, éin, kongen i Saron, éin,

19kongen i Madon, éin, kongen i Hasor, éin,

20kongen i Sjimron-Meron, éin, kongen i Aksjaf, éin,

21kongen i Taanak, éin, kongen i Megiddo, éin,

22kongen i Kedesj, éin, kongen i Jokneam ved Karmel, éin,

23kongen i Dor på Dor-høgda, éin, kongen over folka i Galilea, éin,

24kongen i Tirsa, éin, i alt trettiein kongar.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Joshua 12.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.