Joshua 11NO2011NN

1Då Jabin, kongen i Hasor, fekk høyra om dette, sende han bod til Jobab, kongen i Madon, til kongen i Sjimron og kongen i Aksjaf

2og til kongane i fjellandet i nord, på Araba-sletta sør for Kinneret, i låglandet og i høglandet ved Dor mot vest,

3til kanaanearane i aust og vest, til amorittane, hetittane og perisittane, til jebusittane i fjellandet og hevittane ved foten av Hermon, i Mispa-landet.

4Dei drog ut med troppane sine, ein stor hær, talrik som sanden på havsens strand, og med ei stor mengd hestar og vogner.

5Alle desse kongane drog saman til Merom-elva og slo leir der for å gå til kamp mot Israel.

6Då sa HERREN til Josva: «Ver ikkje redd dei! I morgon på denne tid skal eg syta for at dei ligg falne framfor israelittane. Du skal skjera over hasane på hestane deira og brenna opp vognene deira.»

7Josva og hæren hans kom brått over fiendane ved Merom-elva og gjekk til åtak på dei.

8HERREN overgav dei i Israels hender. Israelittane slo dei og forfølgde dei heilt til det store Sidon og Misrefot-Majim og til Mispa-dalen i aust. Dei knuste fiendane slik at ingen overlevde eller slapp unna.

9Og Josva gjorde med dei som HERREN hadde sagt. Han skar over hasane på hestane og brende opp vognene deira.

10Etterpå snudde Josva om, tok Hasor og hogg kongen der ned med sverd. Hasor var før i tida det fremste av alle desse kongedøma.

11Alt levande der vart hogge ned med sverd. Dei vart slegne med bann, ikkje eit liv vart spart. Byen Hasor sette han i brann.

12Josva la under seg alle desse kongebyane og kongane der. Han hogg dei ned med sverd og slo dei med bann, slik Moses, HERRENS tenar, hadde sagt han føre.

13Men israelittane sette ikkje eld på nokon av dei andre byane som låg på høgdene, berre Hasor. Det var den einaste byen Josva brende.

14Alt hærfanget frå desse byane og alt bufeet tok israelittane sjølve. Men folket hogg dei ned med sverd til alle var utrydda. Ikkje éin fekk leva.

15Det HERREN hadde sagt tenaren sin Moses føre, hadde Moses bode Josva å gjera, og Josva gjorde det. Han utelét ikkje noko av alt det HERREN hadde sagt Moses.

16Slik tok Josva heile dette landet: fjellandet, heile Negev og Gosen-landet, låglandet og Araba-sletta, fjellandet i Israel og låglandet der,

17frå snaufjellet som stig opp mot Se'ir, til Baal-Gad i Libanon-dalen ved foten av Hermon-fjellet. Alle kongane der tok han til fange og slo i hel.

18I lang tid førte Josva krig mot desse kongane.

19Ingen by gjorde fred med israelittane, bortsett frå hevittane som budde i Gibeon. Alle dei andre tok dei i krig.

20Det var HERREN som gjorde hjarta deira harde og fekk dei til å strida mot Israel, for at Israel skulle slå dei med bann så det ikkje fanst nåde for dei. For dei skulle ryddast ut slik HERREN hadde sagt til Moses.

21På den tid drog Josva opp og hogg ned anakittane i fjellandet, i Hebron, Debir, Anab og heile fjellandet i Juda og Israel, og slo dei og byane deira med bann.

22Det vart ingen anakittar att i landet til israelittane. Berre i Gaza, Gat og Asjdod vart det nokre att.

23Så tok Josva heile landet, slik HERREN hadde sagt til Moses. Og Josva lét israelittane få det til eige; kvar stamme fekk sin del. Og så fekk landet kvile frå krigen.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Joshua 11.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.