1Tredje dagen var det eit bryllaup i Kana i Galilea. Mor til Jesus var der.
2Også Jesus og læresveinane hans var bedne.
3Då det var slutt på vinen, sa Jesu mor til han: «Dei har ikkje meir vin.»
4«Kva vil du meg, kvinne?» svara Jesus. «Min time er enno ikkje komen.»
5Då sa mor hans til tenarane: «Det han seier dykk, skal de gjera.»
6No stod det seks vasskar av stein der, slike som blir nytta i reinsingsskikkane til jødane. Kvart av dei tok to eller tre anker.
7«Fyll kara med vatn», sa Jesus. Og tenarane fylte dei til randa.
8Så sa han til dei: «Aus no opp og ber det til kjøkemeisteren.» Det gjorde dei.
9Kjøkemeisteren smaka på vatnet, som hadde vorte til vin. Han visste ikkje kvar vinen kom frå, men tenarane som hadde aust opp vatnet, visste det. Då ropa han på brudgomen
10og sa: «Alle andre set først fram den gode vinen, og når gjestene er drukne, kjem dei med den som er dårlegare. Du har gøymt den gode vinen til no.»
11Dette var det første teiknet Jesus gjorde; det var i Kana i Galilea. Han openberra sin herlegdom, og læresveinane hans trudde på han.
12Sidan drog han ned til Kapernaum saman med mor si, brørne sine og læresveinane sine, og der vart dei verande nokre dagar.
13Det nærma seg no påskehøgtida til jødane, og Jesus gjekk opp til Jerusalem.
14På tempelplassen fann han dei som selde oksar, sauer og duer, og pengevekslarane som sat der.
15Då laga han seg ei svepe av reip og dreiv dei alle ut av heilagdomen, og sauene og oksane med. Myntane til pengevekslarane kasta han utover og velte borda deira,
16og til dei som selde duer, sa han: «Få dette ut herifrå! Gjer ikkje huset åt Far min til ein marknadsplass!»
17Læresveinane hans hugsa at det står skrive: Brennande iver for ditt hus vil tæra meg opp!
18Då tok jødane til orde og spurde han: «Kan du visa oss eit teikn på at du har rett til å gjera dette?»
19Jesus svara: «Riv ned dette tempelet, og eg skal reisa det opp att på tre dagar.»
20Då sa jødane: «I førtiseks år har dei bygd på dette tempelet, og du vil reisa det opp att på tre dagar?»
21Men det tempelet han tala om, var hans eigen kropp.
22Då han hadde stått opp frå dei døde, hugsa læresveinane hans at han hadde sagt dette, og dei trudde Skrifta og det ordet Jesus hadde sagt.
23Medan han var i Jerusalem i påskehøgtida, kom mange til tru på namnet hans, for dei såg dei teikna han gjorde.
24Men Jesus var ikkje fortruleg mot dei, for han kjende alle,
25og han trong ikkje at nokon skulle vitna om mennesket. Kva som budde i mennesket, visste han sjølv.