John 1NO2011NN

1I opphavet var Ordet, Ordet var hos Gud, og Ordet var Gud.

2Han var i opphavet hos Gud.

3Alt vart til ved han, og utan han vart ikkje noko til. Det som vart til

4i han, var liv, og livet var lyset for menneska.

5Lyset skin i mørkret, og mørkret har ikkje overvunne det.

6Eit menneske stod fram, utsendt av Gud; namnet hans var Johannes.

7Han kom for å vitna. Han skulle vitna om lyset, så alle kunne koma til tru ved han.

8Han sjølv var ikkje lyset, men han skulle vitna om lyset.

9Det sanne lyset, som lyser for kvart menneske, kom no til verda.

10Han var i verda, og verda vart til ved han, og verda kjende han ikkje.

11Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot han.

12Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å bli Guds born, dei som trur på namnet hans.

13Dei er ikkje fødde av kjøt og blod, ikkje av menneskevilje og ikkje av manns vilje, men av Gud.

14Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss. Og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning.

15Johannes vitnar om han og ropar ut: «Det var om han eg sa: Han som kjem etter meg, er komen før meg, for han var til før meg.»

16Av hans overflod har vi alle fått, nåde over nåde.

17For lova vart gjeven ved Moses, nåden og sanninga kom ved Jesus Kristus.

18Ingen har nokon gong sett Gud, men den einborne, som er Gud, og som er i fanget til Far, han har synt oss kven han er.

19Dette var vitneutsegna til Johannes då jødane sende prestar og levittar frå Jerusalem for å spørja han: «Kven er du?»

20Då vedkjende han og nekta ikkje, men sa rett fram: «Eg er ikkje Messias.»

21«Kven er du då?» spurde dei. «Er du Elia?» «Nei, det er eg ikkje», svara han. «Er du profeten?» «Nei», sa han.

22«Sei oss då kven du er», sa dei, «så vi kan ha eit svar til dei som har sendt oss. Kva seier du om deg sjølv?»

23Han sa: «Eg er ei røyst som ropar i øydemarka: Gjer Herrens veg bein, som profeten Jesaja har sagt.»

24Nokre av dei som var utsende, var farisearar,

25og dei spurde: «Kvifor døyper du då, når du ikkje er Messias og heller ikkje Elia eller profeten?»

26Johannes svara: «Eg døyper med vatn. Men midt imellom dykk står ein som de ikkje kjenner,

27han som kjem etter meg, han som eg ikkje er verdig å løysa skoreima til.»

28Dette hende i Betania på andre sida av Jordan, der Johannes var og døypte.

29Dagen etter ser han Jesus koma gåande mot seg og seier: «Sjå, Guds lam, som ber bort synda i verda!

30Det var om han eg sa: Etter meg kjem det ein mann som er komen før meg, for han var til før meg.

31Eg visste ikkje kven han var, men for at han skal bli openberra for Israel, er eg komen og døyper med vatn.»

32Og Johannes vitna og sa: «Eg såg Anden dala ned frå himmelen som ei due, og Anden vart verande over han.

33Eg visste heller ikkje kven han var, men han som sende meg for å døypa med vatn, han sa til meg: Den du ser Anden dala ned over og bli verande over, han er den som døyper med Den heilage ande.

34Og eg har sett det, og eg har vitna: Han er Guds Son.»

35Dagen etter stod igjen Johannes der med to av læresveinane sine.

36Då Jesus kom gåande, såg Johannes på han og sa: «Sjå, Guds lam!»

37Dei to læresveinane høyrde kva han sa og følgde etter Jesus.

38Jesus snudde seg, og då han såg at dei følgde etter, sa han: «Kva leitar de etter?» Dei spurde: «Rabbi», — det tyder «lærar» — «kvar bur du?»

39«Kom og sjå», svara Jesus. Så gjekk dei med han og såg kvar han budde, og dei vart verande hos han den dagen. Det var omkring den tiande timen.

40Andreas, bror til Simon Peter, var ein av dei to som hadde høyrt det Johannes sa, og hadde følgt etter Jesus.

41Han finn først bror sin, Simon, og seier til han: «Vi har møtt Messias» — Messias tyder «Han som er salva».

42Så tok han Simon med seg til Jesus. Jesus såg fast på han og sa: «Du er Simon, son til Johannes. Du skal heita Kefas» — det er det same som Peter.

43Dagen etter ville Jesus dra til Galilea. Han fann då Filip og sa til han: «Følg meg!»

44Filip var frå Betsaida, same byen som Andreas og Peter var frå.

45Filip møtte Natanael og sa til han: «Vi har møtt han som Moses har skrive om i lova, og som profetane har skrive om: Det er Jesus frå Nasaret, son til Josef.»

46«Kan det koma noko godt frå Nasaret?» spurde Natanael. «Kom og sjå!» svara Filip.

47Jesus såg Natanael koma gåande mot seg og sa: «Sjå, der er ein ekte israelitt, ein som er utan svik.»

48«Kvar kjenner du meg frå?» spurde Natanael. Jesus svara: «Eg såg deg då du var under fikentreet, før Filip ropa på deg.»

49Då sa Natanael: «Rabbi, du er Guds Son, du er Israels konge.»

50«Trur du fordi eg sa at eg såg deg under fikentreet?» spurde Jesus. «Du skal få sjå større ting enn det.»

51Og han sa: «Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: De skal sjå himmelen opna og Guds englar gå opp og gå ned over Menneskesonen.»

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for John 1.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.