Jeremiah 45NO2011NN

1Ordet som profeten Jeremia sa til Baruk, son til Neria, då han skreiv ned i ein bokrull dei orda som Jeremia dikterte, i det fjerde året Jojakim, son til Josjia, var konge i Juda:

2Så seier HERREN, Israels Gud, om deg, Baruk:

3Du seier: «Ve meg! HERREN har lagt ny sorg til mi smerte. No er eg trøytt av å klaga, eg finn ikkje kvile.»

4Dette skal du seia til han: Så seier HERREN: Det eg har bygd, det vil eg knusa, og det eg har planta, det rykkjer eg opp; slik skal det vera på heile jorda.

5Og du ventar deg store ting. Ikkje gjer det! For sjå, no sender eg ulukke over alt som lever, seier HERREN. Men deg gjev eg livet som krigsbytte alle stader der du går.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Jeremiah 45.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.