1HERRENS ord kom til meg:
2Gå og rop i øyra på Jerusalem: Så seier HERREN: Eg hugsar din ungdoms truskap, din kjærleik som brur, då du følgde meg i ørkenen, i eit land der ingen kan så.
3Israel var heilagt for HERREN, førstegrøda av hans avling. Alle som ville øyda Israel, måtte bøta, ulukke kom over dei, seier HERREN.
4Høyr HERRENS ord, Jakobs hus og alle slekter i Israels hus!
5Så seier HERREN: Kva gale fann fedrane dykkar hos meg sidan dei gjekk bort frå meg, følgde tomme gudar og sjølve vart tomme?
6Dei sa ikkje: «Kvar er HERREN som førte oss opp frå Egypt og leidde oss gjennom ørkenen, eit land med stepper og kløfter, eit land med tørke og dødsskugge, eit land der ingen ferdast og ikkje eit menneske bur?»
7Eg førte dykk til eit land med frukthagar så de kunne eta frukta og grøda. Men då de kom inn, gjorde de landet mitt ureint og eigedomen min avskyeleg.
8Prestane spurde ikkje: «Kvar er HERREN?» Dei lovkunnige kjende meg ikkje, gjetarane sette seg opp mot meg, profetane profeterte ved Baal og følgde dei som ikkje kan hjelpa.
9Difor skal eg framleis føra sak mot dykk, seier HERREN, og føra sak mot barneborna dykkar.
10Far over til kittearkystane og sjå, send bod til Kedar og røk vel etter, sjå om noko slikt har hendt!
11Har noko folkeslag bytt ut gudane sine, endå dei ikkje er gudar? Men mitt folk har bytt ut si ære med det som ikkje kan hjelpa.
12Himmel, bli skremd og skjelv av skrekk over dette, seier HERREN.
13For to vonde ting har folket mitt gjort: Dei har gått bort frå meg, kjelda med levande vatn, og hogge seg brønnar, sprokne brønnar som ikkje held vatn.
14Er Israel ein slave som er fødd i huset? Kvifor har han vorte eit bytte?
15Unge løver brølte og knurra mot han. Dei gjorde landet hans til øydemark, byane vart brende så ingen kan bu der.
16Ja, menn frå Nof og Tahpanhes har skamklipt skallen din.
17Dette har du sjølv ført over deg, for du gjekk bort frå HERREN din Gud den tid han førte deg på vegen.
18Og no, kvifor tek du vegen til Egypt for å drikka vatn frå Nilen, og kvifor tek du vegen til Assur for å drikka vatn frå Eufrat?
19Din eigen vondskap straffar deg, ditt fråfall går i rette med deg. Skjøn og sjå kor vondt og bittert det er at du har forlate HERREN din Gud og ikkje fryktar meg, seier Herren, allhærs GUD.
20Frå gammalt av har du brote åket og slite sund lenkjene dine. Du sa: «Eg vil ikkje tena.» På kvar høg haug og under kvart frodig tre la du deg ned og dreiv hor.
21Eg planta deg som den finaste vin, ein ekte stikling. Korleis kunne du bli gjord om til villskot av framand vinstokk?
22Om du vaskar deg med lut og sløser med såpe, er di skuld like skiten for meg, seier Herren GUD.
23Korleis kan du seia: «Eg har ikkje vorte urein, eg har ikkje følgt Baal-gudane»? Sjå kvar du gjekk nede i dalen, og skjøn kva du har gjort! Ei rask kamelhoppe som renner hit og dit,
24eit villesel som kjenner ørkenen og snappar etter pusten i brunst. Kven kan halda henne att? Dei som leitar etter henne, slit seg ikkje ut, i paringstida finn dei henne lett.
25Gå ikkje berrføtt, spar strupen din for tørste! Men du seier: «Det nyttar ikkje. Eg elskar dei framande, eg vil gå etter dei.»
26Slik tjuven skjemmest når han blir teken, skal israelittane skjemmast, kongar og leiarar, prestar og profetar.
27Dei seier til treet: «Du er far min» og til steinen: «Du har fødd meg.» Dei snur ryggen til meg og ikkje andletet. Men når ulukka kjem, seier dei: «Reis deg og hjelp oss!»
28Kvar er gudane dine som du laga deg? Dei får reisa seg og hjelpa deg når ulukka kjem! For du har like mange gudar som du har byar, Juda.
29Kvifor ligg de i strid med meg? Alle har de gjort opprør mot meg, seier HERREN.
30Til fånyttes slo eg sønene dykkar, dei lét seg ikkje oppdra. Som ei herjande løve åt sverdet dykkar profetane.
31De som lever i denne tida, sjå HERRENS ord! Har eg vore ein ørken for Israel eller eit mørkt land? Kvifor seier folket mitt: «Vi spring dit vi vil, vi kjem aldri meir til deg»?
32Kan ei jomfru gløyma smykket sitt eller ei brur sitt belte? Men folket mitt har gløymt meg gjennom dagar utan tal.
33Så flink du er til å finna vegen når du er ute etter elsk! Difor har du òg lært deg å gå på vonde vegar.
34På kappeflikane dine er blod frå skuldlause fattigfolk som du ikkje har gripe i innbrot. Likevel
35seier du: «Eg er utan skuld, vreiden hans har vendt seg frå meg.» Sjå, no får eg deg dømd, for du seier: «Eg har ikkje synda.»
36Så lett du har for å ta ein annan veg! Men også av Egypt blir du gjord til skamme, slik du fekk skam av Assur.
37Også herifrå må du gå ut med hendene over hovudet. For HERREN har forkasta dei du stolar på, du får inga nytte av dei.