Jeremiah 1NO2011NN

1Ord av Jeremia, son til Hilkia, ein av prestane i Anatot i Benjamin-landet.

2HERRENS ord kom til han i dei dagane då Josjia, son til Amon, var konge i Juda, i det trettande styringsåret hans,

3og i dei dagane då Jojakim, son til Josjia, var konge i Juda, heilt til slutten av det ellevte året då Sidkia, son til Josjia, var konge i Juda, då Jerusalem vart ført i eksil i den femte månaden.

4HERRENS ord kom til meg:

5«Før eg forma deg i mors liv, kjende eg deg, før du vart fødd, helga eg deg, til profet for folkeslaga sette eg deg.»

6Men eg sa: «Å, min Herre og GUD! Sjå, eg kan ikkje tala, eg er for ung!»

7Då sa HERREN til meg: «Du skal ikkje seia: Eg er ung! Overalt der eg sender deg, skal du gå, og alt eg byd deg, skal du seia.

8Ver ikkje redd dei, eg er med deg og skal berga deg, seier HERREN.»

9HERREN rette ut handa og rørte ved munnen min. Så sa HERREN til meg: «No legg eg orda mine i din munn.

10Sjå, eg set deg i dag over folk og rike til å rykkja opp og riva ned, til å øydeleggja og knusa, til å byggja og planta.»

11HERRENS ord kom til meg: «Kva ser du, Jeremia?» Eg svara: «Eg ser ei grein av eit vaketre.»

12Då sa HERREN til meg: «Godt sett! For eg vil vaka over mitt ord og setja det i verk.»

13HERRENS ord kom til meg for andre gong: «Kva ser du?» Eg svara: «Eg ser ei kokande gryte, ho hallar hit frå nord.»

14Då sa HERREN til meg: Frå nord skal ulukka hellast ut over alle som bur i landet.

15For no kallar eg på alle kongeslektene i nord, seier HERREN. Dei skal koma og reisa kvar si trone ved Jerusalems portopningar, mot alle murane ikring og mot alle byane i Juda.

16Då vil eg seia min dom over dei for all deira vondskap, dei som forlét meg, tende offereld for andre gudar og tilbad verk av eigne hender.

17Men du skal spenna beltet om livet, stå fram og seia til dei alt det eg byd deg. Ver ikkje redd dei, elles slår eg deg med redsle for dei.

18Sjå, eg gjer deg i dag til ein festningsby, til ei jernstøtte og ein bronsemur mot heile landet, mot kongane i Juda, mot leiarane og prestane og folket i landet.

19Dei skal gå til krig mot deg, men ikkje vinna. For eg er med deg, seier HERREN. Eg skal berga deg.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Jeremiah 1.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.