1Dette ordet kom til Jeremia frå HERREN:
2Høyr orda i denne pakta! Du skal tala om dei til mennene i Juda og til dei som bur i Jerusalem,
3og seia: Så seier HERREN, Israels Gud: Forbanna er den som ikkje lyder orda i denne pakta
4som eg baud fedrane dykkar å halda den dagen eg førte dei ut frå Egypt, ut or smelteomnen. Då sa eg: Høyr på meg og gjer alt det eg byd dykk! Så skal de vera mitt folk, og eg skal vera dykkar Gud.
5Og eg vil halda eiden eg svor for fedrane dykkar, å gje dei eit land som fløymer med mjølk og honning, slik det er i dag. Då svara eg: «Amen, HERRE!»
6HERREN sa til meg: Rop ut alle desse orda over byane i Juda og på gatene i Jerusalem: Høyr orda i denne pakta og lev etter dei!
7Eg åtvara fedrane dykkar den dagen eg førte dei ut frå Egypt, og til denne dag har eg åtvara dei seint og tidleg: «Høyr på meg!»
8Men dei ville ikkje høyra og vende ikkje øyret til. Alle følgde sitt vonde og eigenrådige hjarte. Då lét eg alle orda i denne pakta koma over dei, den pakta eg hadde bode dei å halda, men som dei ikkje heldt.
9HERREN sa til meg: Det er ei samansverjing mellom mennene i Juda og hos dei som bur i Jerusalem.
10Dei har vendt attende til syndene til dei første fedrane sine som nekta å lyda orda mine. Dei følgde andre gudar og tente dei. Israels og Judas hus har brote den pakta eg gjorde med fedrane deira.
11Difor seier HERREN: Sjå, eg fører over dei ei ulukke som dei ikkje kan sleppa frå. Når dei ropar til meg, vil eg ikkje høyra på dei.
12Då skal byane i Juda og dei som bur i Jerusalem, gå og ropa til gudane dei tenner offereld for. Men dei kan ikkje frelsa dei når ulukka kjem.
13For du har like mange gudar som du har byar, Juda! Og de har reist like mange altar for Skamma som det er gater i Jerusalem, altar der de tenner offereld for Baal.
14Du skal ikkje be for dette folket og ikkje setja i med klagerop eller bøn for dei. For eg vil ikkje høyra på dei når dei ropar til meg i si ulukketid.
15Kva vil ho som eg elskar, i mitt hus, ho som har lagt vonde planar? Kan feite dyr og heilagt kjøt ta bort din vondskap? Då kunne du jubla.
16HERREN har kalla deg eit grønt oliventre med vakker frukt. Men med bulder og brak set han fyr på det så greinene brotnar.
17HERREN over hærskarane, han som planta deg, trugar deg no med det vonde for det vonde som Israels og Judas hus har gjort mot seg sjølve då dei tende offereld for Baal og gjorde meg rasande.
18HERREN gjorde det kjent for meg, eg fekk vita om det. Då synte du meg kva dei gjorde.
19Eg var godtruen lik eit lam som blir ført bort til slakting. Eg visste ikkje at dei tenkte ut planar mot meg: «Lat oss øydeleggja både treet og frukta og rydda han ut av landet til dei levande så ingen hugsar namnet hans meir.»
20HERRE over hærskarane, du rettferdige dommar, du som granskar hjarte og nyrer, lat meg få sjå at du tek hemn over dei, for eg har lagt saka mi fram for deg.
21Difor: Så seier HERREN om mennene i Anatot som står deg etter livet og seier: «Du må ikkje profetera i HERRENS namn, elles skal du døy for vår hand.»
22Difor seier HERREN over hærskarane: Sjå, eg vil krevja dei til rekneskap. Dei unge mennene skal døy for sverd, sønene og døtrene deira skal døy av svolt.
23Ingen av dei blir att, for eg fører ulukke over Anatots menn i rekneskapens år.