1Mine brør, ikkje mange av dykk bør bli lærarar, for de veit at vi lærarar skal få ein strengare dom.
2Alle snublar vi ofte. Den som ikkje snublar og feilar i det han seier, er fullkomen, i stand til å halda heile kroppen i taumar.
3Vi legg beksel i munnen på hesten så han skal lystra oss, og då kan vi styra heile hesten.
4Ja, til og med store skip som blir drivne av sterke vindar, kan styrast med eit lite ror dit styrmannen vil.
5På same måten er det med tunga: Ho er ein liten kroppsdel, men ho kan skryta av si store makt. Ja, ein liten eld kan setja den største skog i brann!
6Men tunga er òg ein eld, ho er ei verd av vondskap mellom lemene våre. Ho smittar heile kroppen og set livshjulet i brann, og blir sjølv sett i brann av helvete.
7Alt i naturen, både ville dyr og fuglar, krypdyr og fiskar, kan temjast og har vorte tamde av mennesket, som sjølv er ein del av naturen.
8Men tunga kan ikkje noko menneske temja, rastlaus og vond som ho er, full av drepande gift.
9Med henne lovprisar vi Herren vår Far, og med henne forbannar vi menneska som er skapte i Guds bilete.
10Frå same munnen kjem det både lovprising og forbanning. Slik må det ikkje vera, mine sysken!
11Kan det vel strøyma både friskt og bittert vatn frå same kjelda?
12Sysken, kan eit fikentre bera oliven eller ein vinstokk bera fiken? Like lite kan ei salt kjelde gje ferskt vatn.
13Er nokon av dykk vis og vitug, då skal han syna det i gjerning, i eit rett liv som har vorte audmjukt gjennom visdom.
14Men ber de bitter misunning og sjølvhevding i hjartet, då må de ikkje skryta og lyga mot sanninga.
15Den slags visdom kjem ikkje ovanfrå, men er jordisk og sjeleleg, ja, demonisk.
16For der misunning og sjølvhevding rår, der er det ugreie og alt det som vondt er.
17Men visdomen ovanfrå er først og fremst rein. Dessutan elskar han fred og er forsonleg og føyeleg, rik på miskunn og gode frukter, upartisk og utan hykleri.
18Rettferda er ei frukt som blir sådd i fred og veks fram for dei som skaper fred.