1Jakob, Guds og Herren Jesu Kristi tenar, sender si helsing til dei tolv stammane som er spreidde omkring i framande land.
2Hald det berre for ei glede, sysken, når de møter alle slags prøvingar;
3for de veit at når trua blir prøvd, lærer de tolmod.
4Men tolmodet må visa seg i fullkomen gjerning, så de kan vera fullkomne og heile, utan nokon mangel.
5Men om nokon av dykk manglar visdom, skal han be til Gud, som villig og utan å klandra gjev til alle, og han skal få.
6Men han må be i tru, utan å tvila. For den som tvilar, liknar ei bølgje på havet som blir driven omkring og kasta hit og dit av vinden.
7Ikkje må eit slikt menneske venta å få noko av Herren,
8tvihuga som det er og ustøtt i all si ferd.
9Ein bror som står lågt i rang, skal vera stolt av kor høgt han blir sett,
10og ein rikmann skal vera stolt av kor lågt han blir sett, for som blomen i graset skal han forgå.
11Sola stig og brenn, graset visnar, blomen fell av, og all hans prakt er borte. På same måten skal den rike visna midt i alt sitt strev.
12Sælt er det mennesket som held ut i freistingar. Når det har stått si prøve, skal det få livsens sigerskrans, som Gud har lova dei som elskar han.
13Ingen som blir freista, må seia: «Det er Gud som freistar meg.» For Gud blir ikkje freista av det vonde, og sjølv freistar han ingen.
14Alle blir freista av si eiga vonde lyst, som lokkar og dreg.
15Sidan, når lysta er svanger, føder ho synd, og når synda er mogen, føder ho død.
16Far ikkje vill, mine kjære sysken!
17All god gåve og all fullkomen gåve kjem ovanfrå, frå han som er Far til lysa på himmelen. Hos han er det ikkje forandring eller skiftande skuggar.
18Av sin eigen vilje har han fødd oss ved det sanne ordet, så vi skal vera ei førstegrøde av hans skapningar.
19Dette må de vita, mine kjære sysken: Kvar og ein skal vera snar til å høyra, men sein til å tala og sein til å bli sint.
20For sinne hos eit menneske fører ikkje til det som er rett for Gud.
21Legg difor av alt som er ureint, og all slags vondskap, og ta audmjukt imot det ordet som er planta i dykk, det som har kraft til å frelsa sjelene dykkar.
22De må gjera det Ordet seier, ikkje berre høyra det. Elles lurer de dykk sjølve.
23For den som høyrer Ordet og ikkje gjer det Ordet seier, er lik ein mann som ser på sitt eige andlet i ein spegel:
24Han ser på det, går sin veg og gløymer straks korleis han såg ut.
25Men den som ser inn i fridomens fullkomne lov og held fram med det, gløymer ikkje det han høyrer, men gjer etter det. Eit slikt menneske skal vera lukkeleg i si gjerning.
26Den som meiner at han dyrkar Gud, men ikkje kan tøyma tunga si, narrar seg sjølv, og gudsdyrkinga hans er utan verdi.
27Ei rein og feilfri gudsdyrking for Gud, vår Far, er dette: å sjå til enkjer og foreldrelause born i deira naud, og ikkje la seg flekka til av verda.