Hebrews 13NO2011NN

1Hald syskenkjærleiken levande!

2Gløym ikkje å vera gjestfrie, for på den måten har somme hatt englar til gjester utan å vita det.

3Kom i hug dei som sit i fengsel, som om de sat i lenkjer saman med dei. Og tenk på dei som blir mishandla, som om det gjaldt dykkar eigen kropp.

4Lat ekteskapet haldast i ære av alle, og lat ikkje ektesenga skitnast til. For Gud vil dømma dei som driv hor eller bryt ekteskapet.

5Lat ikkje kjærleik til pengar styra livet, men ver fornøgde med det de har. For Gud har sagt: Eg sviktar deg ikkje og går ikkje frå deg.

6Difor kan vi vera ved godt mot og seia: Herren er min hjelpar, eg er ikkje redd. Kva kan menneske gjera meg?

7Kom i hug leiarane dykkar, dei som tala Guds ord til dykk. Tenk på livet deira og utgangen det fekk, og ta deira tru til føredøme!

8Jesus Kristus er i går og i dag den same, ja, til evig tid.

9Lat dykk ikkje riva med av allslags framande lærdomar. Det er godt at hjartet blir styrkt ved nåden, ikkje ved bestemte slag mat, for dei som følgjer slike reglar, har aldri hatt nytte av det.

10Vi har eit altar, og dei som gjer teneste i teltheilagdomen, har ikkje rett til å eta frå det.

11Øvstepresten ber blodet frå offerdyra inn i heilagdomen til soning for synd, men kroppane blir oppbrende utanfor leiren.

12Difor leid Jesus òg utanfor porten, så han kunne helga folket med sitt eige blod.

13Lat oss då gå ut til han utanfor leiren og bera hans vanære.

14For her på jorda har vi ingen by som varer; vi lengtar etter den som skal koma.

15Lat oss då ved han alltid bera fram for Gud vår lovprising som offer, det vil seia frukta av lepper som vedkjenner hans namn.

16Men gløym ikkje å gjera godt og dela med andre. For slike offer er til glede for Gud.

17Ver lydige mot leiarane dykkar og rett dykk etter dei! For dei vaker over sjelene dykkar og skal ein gong gjera rekneskap. Sjå til at dei kan gjera det med glede, utan å sukka. Elles blir det ikkje til gagn for dykk.

18Be for oss! Vi veit at vi har eit godt samvit, for vi vil gjerne fara rett fram på alle måtar.

19Eg bed dykk om forbøn, aller mest for at de så mykje snarare kan få meg tilbake.

20Fredens Gud, han som i kraft av blodet frå ei evig pakt førte den store hyrdingen for sauene, vår Herre Jesus Kristus, opp frå dei døde,

21må han utrusta dykk med alt godt, så de kan gjera hans vilje. Ja, måtte han ved Jesus Kristus skapa i oss det som er godt i hans auge. Han vere ære i all æve! Amen.

22Eg bed dykk, sysken, ta vel imot desse orda til formaning og trøyst, sjølv om eg måtte skriva så stutt til dykk.

23De skal vita at Timoteus, bror vår, er frigjeven. Kjem han snart, skal eg sjå dykk saman med han.

24Hels alle leiarane dykkar og alle dei heilage! Dei frå Italia sender si helsing.

25Nåden vere med dykk alle!

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Hebrews 13.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.