Isaiah 9NO2011NN

1Sanneleg, det skal ikkje vera mørker for henne som er i trengsle. Før i tida førte han skam over Sebulons land og Naftalis land. Men i framtida skal han la dei koma til ære: vegen til havet, landet bortanfor Jordan, Galilea, der folkeslag bur.

2Det folket som går i mørkret, ser eit stort lys. Over dei som bur i dødsskuggens land, strålar lyset fram.

3Du lét dei jubla høgt og gjorde gleda stor. Dei gledde seg for ditt andlet som ein gleder seg over kornhausten, som ein jublar når krigsbyttet blir delt.

4For åket som tyngde, stokken over skuldrene og staven til slavedrivaren har du brote sund som på Midjans dag.

5Ja, kvar støvel som trampa, og kvar kappe tilsølt med blod skal brennast og bli til føde for elden.

6For eit barn er oss fødd, ein son er oss gjeven. Herreveldet er lagt på hans skulder. Han har fått namnet Underfull rådgjevar, Veldig Gud, Evig far, Fredsfyrste.

7Så skal herreveldet vera stort og freden utan ende over Davids trone og hans kongerike. Han skal gjera det fast og halda det oppe med rett og rettferd frå no og for all tid. HERREN over hærskarane skal gjera dette i sin brennande iver.

8Eit ord har Herren sendt mot Jakob, det har slege ned i Israel.

9Og dei har fått kjenna det, heile folket, Efraim og dei som bur i Samaria, dei som stolte og hovmodige sa:

10«Teglsteinar har falle, vi byggjer opp att med tilhoggen stein. Morbærtre er felte, vi plantar sedrar i staden.»

11Då gav HERREN motstandaren deira, Resin, makt over dei og hissa opp fiendane deira,

12aramearane frå aust og filistrane frå vest. Dei fortærte Israel med vidopen munn. Men harmen hans har ikkje lagt seg med dette, handa er framleis lyft.

13Men folket vende ikkje om til han som slo det, dei søkte ikkje HERREN over hærskarane.

14Då hogg HERREN av Israel både hovud og hale, palmegrein og siv på éin dag.

15Den eldste og den fornemme er hovudet, halen er profeten som lærer bort løgn.

16Dei som leidde dette folket, førte dei vill, dei som skulle leiast, vart villeidde.

17Difor sparte ikkje Herren dei unge mennene deira, mot farlause og enkjer viste han ikkje miskunn. For alle var ugudelege og vonde, kvar munn tala dårskap. Men harmen hans har ikkje lagt seg med dette, handa er framleis lyft.

18Ja, uretten brann som ein eld og fortærte torn og tistel, han sette tettaste skogen i brann, røyken steig høgt til vêrs.

19Landet er sett i brann fordi HERREN over hærskarane er harm, og folket har vorte til mat for elden. Det er ingen som sparer bror sin.

20Dei beit til høgre, men var svoltne, og åt til venstre, men vart ikkje mette. Kvar mann et sin neste,

21Manasse et Efraim, og Efraim et Manasse. Saman går dei mot Juda. Men harmen hans har ikkje lagt seg med dette, handa er framleis lyft.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Isaiah 9.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.