Isaiah 8NO2011NN

1HERREN sa til meg: «Ta deg ei stor tavle og skriv på henne med ein vanleg griffel: Til Maher-Sjalal-Hasj-Bas.»

2Eg tok meg pålitelege vitne, presten Uria og Sakarja, son til Jeberekja.

3Så var eg saman med profetkvinna, og ho vart med barn og fekk ein son. Då sa HERREN til meg: «Gjev han namnet Maher-Sjalal-Hasj-Bas.

4For før guten har lært å seia far og mor, skal rikdomane frå Damaskus og krigsbyttet frå Samaria berast fram for kongen av Assur.»

5HERREN tala igjen til meg og sa:

6Fordi dette folket foraktar Siloas vatn, som renn så stilt, og mistar motet for Resin og Remaljas son,

7sjå, difor lèt Herren Storelva stiga over dei med veldige vassmengder — assyrarkongen og all hans makt. Ho skal stiga over alle sine elvefar og gå over alle sine bredder,

8ho kjem inn over Juda, fløymer over og breier seg utover til ho når opp til halsen. Med sine utspente venger fyller ho landet ditt, så vidt som det er, Immanuel!

9Lat hærropet lyda, folkeslag, og bli slegne av skrekk! Lytt, alle fjerne land! Rust dykk til strid og bli slegne av skrekk, rust til strid og bli slegne av skrekk!

10Legg ein plan, han skal slå feil! Sei eit ord, det skal ikkje slå til! For Gud er med oss.

11For så sa HERREN til meg då handa hans greip meg fast og han åtvara meg mot å gå den vegen dette folket går:

12De skal ikkje seia «samansverjing» til alt dette folket kallar samansverjing! Det dei fryktar, skal ikkje de frykta og ikkje skjelva for.

13HERREN over hærskarane, han skal de halda heilag. Han skal de frykta, og han skal de skjelva for.

14Han skal vera ein heilagdom, ein snublestein og eit berg til fall for Israels to hus, ei snare og ei felle for dei som bur i Jerusalem.

15Mange av dei skal snubla, dei skal falla og skamslå seg, gå i snara og bli fanga.

16Eg vil binda inn vitnemålet og forsegla lova hos læresveinane mine.

17Så vil eg venta på HERREN, som løyner andletet for Jakobs hus, og setja mi von til han.

18Sjå, eg og borna som HERREN har gjeve meg, er teikn og varsel i Israel frå HERREN over hærskarane, han som bur på Sion-fjellet.

19Men når dei seier til dykk: «Spør gjenferd og spådomsånder til råds, slike som kviskrar og mumlar! Skal ikkje eit folk spørja sine gudar, spørja dei døde til råds for dei levande

20om lov og om vitnemål?» Sanneleg, for dei som seier slikt, står ikkje sola opp meir!

21Forkomen og svolten skal han dra omkring. Når han svelt, blir han harm og forbannar sin konge og sin Gud. Anten han vender seg mot det høge

22eller ser utover jorda, er det naud og natt, trengsle og mørker. I mørkret er han støytt ut.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Isaiah 8.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.