Isaiah 62NO2011NN

1For Sions skuld vil eg ikkje teia, for Jerusalems skuld vil eg ikkje vera roleg før hennar rettferd bryt fram som lysglans og hennar frelse brenn som ein fakkel.

2Folkeslag skal sjå di rettferd og alle kongar din herlegdom. Du skal få eit nytt namn som HERREN sjølv skal kunngjera.

3Du skal bli ein herleg krans i HERRENS hand, eit kongeleg diadem i din Guds opne hand.

4Du skal ikkje lenger kallast Den forlatne, og landet skal ikkje lenger kallast Det som er lagt audt. Men du skal heita Den eg har kjær, og landet ditt Den eg har teke til ekte. For HERREN har deg kjær og vil ta landet til ekte.

5Som ein ungdom gifter seg med ei jomfru, skal dine søner gifta seg med deg, som ein brudgom gleder seg over si brur, skal din Gud gleda seg over deg.

6Eg har sett vaktmenn ut på murane dine, Jerusalem. Dei skal aldri teia, korkje dag eller natt. De som påkallar HERREN, unn dykk ikkje ro!

7Lat han ikkje få ro før han byggjer Jerusalem opp att og gjer henne til ein lovsong på jorda.

8HERREN sver ved si høgre hand og ved sin veldige arm: Eg vil aldri meir gje kornet ditt til mat for fiendane dine, og ikkje skal framande drikka den nye vinen som du har slite for.

9Nei, dei som haustar, skal eta og prisa HERREN. Dei som sankar, skal drikka i mine heilage tempelgardar.

10Fram, fram gjennom portane, rydd veg for folket! Bygg veg, bygg veg og reins han for stein! Reis eit banner for folka!

11Høyr, HERREN lèt det høyrast til enden av jorda: Sei til dotter Sion: Sjå, di frelse kjem! Dei han fekk som løn, er med han, dei han vann, går føre han.

12Dei skal kallast Det heilage folket, dei som er løyste ut av HERREN, og sjølv skal du kallast Den etterspurde, byen som ikkje er forlaten.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Isaiah 62.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.