Isaiah 57NO2011NN

1Den rettferdige går til grunne, og ingen bryr seg om det. Dei trufaste blir rivne bort utan at nokon merkar det. Av vondskap er den rettferdige riven bort.

2Han går inn med fred. Dei kviler der dei ligg. Han gjekk den rette vegen.

3Men kom hit, de søner av ei kvinne som tyder teikn, de avkom av ein ekteskapsbrytar og ei hore!

4Kven har de moro med? Kven geipar de til og rekkjer tunge mot? Sanneleg, de er born av synd, avkom av løgn!

5De brenn av lyst mellom eiketrea, under kvart frodig tre, de slaktar born i elveleia, nede i fjellkløftene.

6Dei glatte steinane i elveleiet er din del, dei er din lut. For dei auser du ut drikkoffer og ofrar grødeoffer. Skulle eg finna meg i det?

7På eit høgt og stort fjell gjorde du i stand ei lege. Der gjekk du opp for å ofra slaktoffer.

8Bak dør og dørkarm sette du ditt merke. Du gjekk bort frå meg, du kledde av deg, du la deg ned og gjorde plass. Du gjorde avtale med dei som du elskar å liggja med, du såg dei nakne.

9Du drog til Melek med olje og hadde mykje salve med deg. Du sende bodberarar langt av stad, lét dei gå ned i dødsriket.

10Du vart sliten av den lange vegen, men du sa ikkje: «Det er fåfengt.» Hendene dine søkte nye krefter, difor vart du ikkje sjuk.

11Kven er det du fryktar og er redd, sidan du lever i løgn? Meg hugsar du ikkje og bryr deg ikkje om. Nei, eg tagde i lange tider, så meg var du ikkje redd.

12Eg vil fortelja om di rettferd og om dine gjerningar. Dei kan ikkje hjelpa deg.

13Samlinga di av gudar får berga deg når du ropar. Vinden lyfter dei, alle saman, eit vindpust tek dei med seg. Men dei som tek si tilflukt til meg, skal arva landet og ta mitt heilage fjell i eige.

14Han seier: Bygg, bygg, rydd veg! Ta bort kvar snublestein frå vegen til folket mitt!

15Så seier han som er høg og opphøgd, han som tronar evig, Den heilage er hans namn: I det høge og heilage bur eg og hos den som er knust og nedbøygd i ånda. Eg vil gje ånda liv hos dei som er bøygde ned, gje hjartet liv hos dei som er knuste.

16For eg fører ikkje sak til evig tid og er ikkje harm for alltid. Då ville ånda bli kraftlaus for mitt andlet, livspusten som eg har laga.

17Fordi han var skuldig og grådig, vart eg harm og slo han. Eg løynde meg i vreide. Men han vende seg bort og gjekk ein veg etter eige hjarte.

18Eg såg dei vegar han gjekk. No vil eg lækja han og leia han og gje han trøyst. Hos dei som sørgjer,

19skaper eg ny frukt på leppene: Fred, fred til den som er nær og til den som er langt borte, seier HERREN. Eg vil lækja han.

20Men dei urettferdige er som det opprørte havet, for det kan ikkje falla til ro, og bølgjene rører opp mudder og gjørme.

21Det finst ingen fred, seier min Gud, for dei urettferdige.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Isaiah 57.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.