Isaiah 56NO2011NN

1Så seier HERREN: Ta vare på det som er rett, gjer det som er rettferdig! Mi frelse er nær, ho skal koma, og mi rettferd, ho skal openberrast.

2Sæl er den som gjer dette, kvart menneske som held fast ved det, som held sabbaten og ikkje vanhelgar han, og vaktar si hand så ho ikkje gjer noko vondt.

3Den framande som har slutta seg til HERREN, skal ikkje seia: «HERREN vil skilja meg ut frå sitt folk.» Evnukken skal ikkje seia: «Sjå, eg er eit tørt tre.»

4For så seier HERREN: Evnukkar som held mine sabbatar, som vel å gjera det eg vil og held fast ved mi pakt,

5dei gjev eg ei minnetavle og eit namn i mitt hus og på mine murar. Dette er betre enn søner og døtrer. Eg gjev dei eit evig namn som aldri skal slettast ut.

6Og dei framande som har slutta seg til HERREN, som vil gjera teneste for han og elska HERRENS namn og vera hans tenarar, alle som held sabbaten og ikkje vanhelgar han, men held fast ved mi pakt,

7dei fører eg til mitt heilage fjell og lèt dei gleda seg i mitt bønehus. Brennoffer og slaktoffer frå dei gjev velvilje på mitt altar. For mitt hus skal kallast eit bønehus for alle folk,

8seier Herren GUD, som samlar Israels fordrivne. Endå fleire vil eg samla enn dei som alt er samla.

9Alle dyr på marka, kom og et, alle dyr i skogen!

10Vaktmennene er alle blinde, alle saman, dei skjønar ikkje. Alle er mållause hundar som ikkje kan gøy. Dei ligg og drøymer, dei likar å sova.

11Dei er grådige hundar, aldri blir dei mette. Og dei skal vera gjetarar, dei som ikkje skjønar! Alle vender seg kvar sin veg, kvar til si vinning.

12«Kom, eg skal henta vin, vi drikk oss fulle på det sterke! Morgondagen skal bli som denne, ein stor og herleg dag.»

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Isaiah 56.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.