Isaiah 42NO2011NN

1Sjå, min tenar, som eg støttar, min utvalde, i han har eg mi glede! Eg har lagt min Ande på han, han skal føra retten ut til folkeslaga.

2Han skrik ikkje og ropar ikkje, røysta hans høyrest ikkje i gatene.

3Han bryt ikkje eit knekt siv og sløkkjer ikkje ein rykande veike. Med truskap skal han føra retten ut.

4Han skal ikkje slokna og ikkje bli knekt før han har sett retten igjennom på jorda. Fjerne kystar ventar på hans lov.

5Så seier Gud HERREN, som skapte himmelen og spente han ut, som breidde ut jorda og alt som spirer der, som gjev pust til folket på jorda og ånd til dei som ferdast der:

6Eg, HERREN, har kalla deg i rettferd og gripe handa di. Eg har forma deg og gjort deg til ei pakt for folket, til eit lys for folkeslaga,

7for å opna blinde auge og føra fangar ut or fengselet, dei som sit i mørkret, ut frå fangehola.

8Eg er HERREN, det er mitt namn. Mi ære gjev eg ikkje til andre, min lovsong ikkje til gudebilete.

9Dei første ting, sjå, dei er komne. No fortel eg noko nytt. Før det spirer fram, får de høyra om det.

10Syng for HERREN ein ny song, ein lovsong for han frå endane av jorda, de som ferdast på havet, og alt som fyller det, de kystar og alle som bur der!

11Ørkenen og byane der skal stemma i, landsbyane der Kedar bur. Dei som bur i Sela, skal jubla, dei skal ropa frå fjelltoppane.

12Dei skal gje HERREN ære, forkynna hans pris på kystane.

13HERREN dreg ut som ein helt, som ein krigar eggjar han si stridslyst, han ropar, ja, lèt hærrop ljoma, han viser sin styrke for fiendane:

14Eg har vore taus i lange tider, har tagd og halde meg tilbake. No skrik eg som ei fødande kvinne, eg stønnar og snappar etter pusten.

15Eg gjer fjell og haugar aude og tørkar ut alt grønt på dei. Elvar gjer eg til tørt land, sjøar tørkar eg ut.

16Eg fører dei blinde på ein veg dei ikkje kjenner, på stigar dei ikkje kjenner, leier eg dei. Eg gjer mørkret framfor dei til lys og ulendt mark til slette. Dette er det eg vil gjera, og eg skal ikkje la det vera.

17Med skam må dei vika tilbake, dei som stolar på gudebilete, dei som seier til støypte bilete: «De er våre gudar.»

18Høyr, de døve! De blinde, lyft auga og sjå!

19Kven er blind, om ikkje tenaren min, kven er døv som bodberaren eg sender? Kven er blind som utsendingen min, like blind som HERRENS tenar?

20Du ser mykje, men ensar det ikkje. Han har opne øyre, men høyrer ikkje.

21HERREN ville for si rettferd skuld gjera lova stor og herleg.

22Men dette er eit rana og plyndra folk. Alle er lenkja i fangehol, bortgøymde i fengsel. Dei vart rana, og ingen berga dei, dei vart plyndra, og ingen sa: «Gjev tilbake!»

23Kven av dykk vil høyra på dette, lytta og lyda i framtida?

24Kven overgav Jakob til plyndring og Israel til ransmenn? Var det ikkje HERREN, han som vi synda mot? Dei ville ikkje gå på hans vegar og ikkje lyda hans lov.

25Så auste han sin brennande vreide og krigens redsle ut over han. Det loga omkring han, men han skjøna det ikkje, det brende han, men han brydde seg ikkje om det.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Isaiah 42.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.