Isaiah 41NO2011NN

1Ver stille for meg, de kystar! Folka skal få ny kraft. Lat dei koma nær og så tala si sak. Lat oss saman gå fram for retten!

2Kven har vekt opp frå aust han som møtest av siger kvar han går? Kven gjev folkeslag over til han og lèt han undertrykkja kongar? Hans sverd gjer dei til støv, hans boge gjer dei til halm som blæs bort.

3Han forfølgjer dei, går uskadd fram, foten er nesten ikkje nær vegen.

4Kven har utført og gjort dette? Han som frå opphavs tid kalla slektene fram. Eg, HERREN, er den første, og eg er hos dei siste. Eg er Han.

5Kystane ser det og fryktar, endane av jorda skjelv. Dei er nær, dei kjem.

6Den eine hjelper den andre, til kvarandre seier dei: «Ver sterk!»

7Treskjeraren styrkjer gullsmeden, og blekkslagaren styrkjer smeden ved ambolten. Han seier om loddinga: «Ho er god», og styrkjer henne med naglar så ho står fast.

8Men du Israel, min tenar, Jakob, som eg har valt ut, ætt av Abraham, min ven,

9som eg greip tak i ved endane av jorda og kalla frå hennar ytste grense. Eg sa til deg: «Du er min tenar, eg har valt deg ut og ikkje forkasta deg.»

10Frykt ikkje, for eg er med deg, ver ikkje redd, for eg er din Gud! Eg gjer deg sterk og hjelper deg og held deg oppe med mi rettferds høgre hand.

11Sjå, til skamme og til spott blir alle som er harme på deg. Dei blir til ingenting og går til grunne, dei som går i rette med deg.

12Du skal leita, men ikkje finna nokon som er i strid med deg. Til inkje og ingenting blir dei som er i krig med deg.

13For eg er HERREN din Gud som har gripe di høgre hand og seier til deg: «Ver ikkje redd! Eg hjelper deg.»

14Ver ikkje redd, Jakob, du vesle makk, og de, Israels menn! Eg hjelper deg, seier HERREN. Israels Heilage løyser deg ut.

15Sjå, eg gjer deg til ein treskjeslede, kvass og ny, med mange taggar! Du skal treskja fjell til støv og gjera haugar til agner.

16Du kastar dei i vêret så vinden tek dei og stormen spreier dei. Men du, du skal jubla i HERREN og vera stolt over Israels Heilage.

17Dei hjelpelause og fattige leitar fåfengt etter vatn, tunga tørkar ut av tørste. Eg er HERREN, eg skal svara dei, eg er Israels Gud, eg skal ikkje forlata dei.

18Eg opnar elvar på snaue høgder og kjelder midt i dalane. Eg gjer ørken til innsjø og tørt land til oppkome.

19Eg plantar sedrar i ørkenen, akasie, myrt og oliventre. Eg set sypress i øydemarka saman med gran og buksbom

20så dei kan sjå og vita, leggja merke til og saman skjøna at HERRENS hand har gjort det, og at Israels Heilage har skapt det.

21Kom og legg saka fram! seier HERREN. Kom med prova! seier Jakobs konge.

22Lat dei koma og fortelja oss kva som skal skje. Fortel oss om dei første ting så vi kan leggja merke til dei og vita korleis det endar! Eller lat oss få høyra kva som skal koma.

23Fortel om framtidsteikna så vi kan vita at de er gudar! Gjer berre noko, godt eller vondt, så vi saman kan sjå det med uro!

24Sjå, de er mindre enn inkje, og det de gjer, er mindre enn ingenting. Avskyeleg er det å velja dykk.

25Eg har vekt opp ein frå nord, og han er komen. Frå soloppgangen skal han kalla på mitt namn. Han trampar statthaldarar ned som søle slik pottemakaren trampar leire.

26Kven kunngjorde dette frå opphavs tid så vi kunne vita det, frå gamle dagar så vi kunne seia: «Det er rett»? Ingen fortalde det, ingen gjorde det kjent, ingen har høyrt eit ord frå dykk.

27Eg er den første som seier til Sion: «Sjå, der er dei!» og sender gledebod til Jerusalem.

28Eg ser etter, men det finst ingen, ikkje éin av dei som kan gje råd så eg kunne spørja dei og få svar.

29Nei, alle er dei inkje, og det dei gjer, er ingenting. Vind og tomt ingenting er deira støypte bilete.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Isaiah 41.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.