Isaiah 31NO2011NN

1Ve dei som dreg ned til Egypt etter hjelp! Dei støttar seg til hestar, dei stolar på vogner fordi dei er mange, og på ryttarar fordi dei er talrike. Men dei vender seg ikkje til Israels Heilage, dei søkjer ikkje HERREN.

2Men han òg er vis. Han lèt ulukka koma, sine ord tek han ikkje attende. Han reiser seg mot huset til dei vonde og mot ugjerningsmenn som kjem til hjelp.

3Egyptarane er menneske, ikkje gudar, hestane er kjøt, ikkje ånd. HERREN strekkjer ut handa. Då snublar den som hjelper, då fell den hjelpte, dei skal gå til grunne alle saman.

4For så har HERREN sagt til meg: Slik løva og ungløva knurrar over sitt bytte og ikkje blir skremde av rop eller dukkar seg for ståk når ein stor flokk gjetarar samlar seg mot dei, slik skal HERREN over hærskarane stiga ned og strida mot Sions fjell og høgd.

5Lik flygande fuglar skal HERREN over hærskarane forsvara Jerusalem, forsvara og berga, gå forbi og fria ut.

6Vend om til han som israelittane har falle frå så djupt!

7Den dagen skal alle forkasta avgudane i sølv og avgudane i gull som hendene dykkar har laga til synd.

8Assur skal falla, men ikkje for sverdet til ein mann, han skal fellast, men ikkje av menneskesverd. Han skal flykta for sverdet, hans unge menn må gjera tvangsarbeid.

9Hans berg skal dra bort i redsle, hans fyrstar skremmast bort frå banneret, seier HERREN, han som har ein eld i Sion og ein omn i Jerusalem.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Isaiah 31.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.