Isaiah 18NO2011NN

1Ve det landet der venger svirrar, bortanfor elvane i Kusj,

2landet som sender bodberarar over havet i sivbåtar på vatnet. Dra, de raske sendebod, til det høgvaksne og glinsande folket, eit folkeslag dei fryktar vidt ikring, eit folk i rekkje på rekkje som trampar andre ned, i eit land gjennomskore av elvar.

3Alle de som bur i verda, de som held til på jorda, sjå opp når dei lyfter banneret på fjell, og lytt når dei blæs i horn!

4For så seier HERREN til meg: Frå min bustad vil eg sjå på og halda meg i ro lik heten som dirrar i lyset, lik tåkedis i heten om hausten.

5For før hausten, når bløminga er slutt og blomane blir til kart, skjer han av skota med kniv, fjernar vinranker, kastar dei frå seg.

6Alt skal overlatast til rovfugl i fjellet og villdyr på marka. Rovfugl er over dei om sommaren, alle villdyr om vinteren.

7På den tid skal dei koma med gåver til HERREN over hærskarane frå det høgvaksne og glinsande folket, eit folkeslag dei fryktar vidt ikring, eit folk i rekkje på rekkje som trampar andre ned, i eit land gjennomskore av elvar, til staden der namnet åt HERREN over hærskarane bur, til Sion-fjellet.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Isaiah 18.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.