Isaiah 17NO2011NN

1Bodskap om Damaskus. Sjå, Damaskus skal ikkje lenger vera ein by, men bli til ein ruinhaug.

2Aroers byar blir forlatne, der skal buskap kvila, og ingen skal skremma dei.

3Efraim skal mista si borg og Damaskus sitt kongedøme. Med resten av Aram skal det gå som med herlegdomen til israelittane, seier HERREN over hærskarane.

4Og den dagen skal Jakobs herlegdom bli mindre og den feite kroppen hans bli mager.

5Det blir som når ein haustar korn og handa samlar kornet og skjer av aksa. Det blir som når ein sankar aks i Refa'im-dalen,

6som når ein slår ned oliven og berre ein etterhaust blir att, to–tre oliven øvst i treet og fire–fem på greinene, seier HERREN, Israels Gud.

7Den dagen vender mennesket blikket mot sin skapar, auga ser mot Israels Heilage.

8Dei skal ikkje venda blikket mot altara som hendene deira har laga, og ikkje sjå på det fingrane deira har skapt, Asjera-pålane og røykjelsesaltara.

9Den dagen skal dei trygge byane deira bli så aude som dei stadene hevittane og amorittane forlét då israelittane kom. Alt skal bli til øydemark.

10For du har gløymt Gud, din frelsar, og ikkje hugsa det trygge berget ditt. Difor kan du planta dei finaste hagar og setja framande vinranker der,

11du kan få dei til å veksa den dagen du plantar, til å spira den morgonen du sår, men hausten sviktar den dagen sjukdom og ulækjande skade kjem.

12Ve! Eit drønn av mange folk, eit drønn som når havet drønnar. Ein larm frå folkeslag, som larmen frå veldige vatn larmar dei,

13folkeslaga larmar som veldige vatn. Men når han trugar dei, flyktar dei langt bort. Dei blir jaga som agner for vinden på haugane, som tistlar for stormen.

14Om kvelden er det redsle, men før morgonen gryr, er dei borte. Slik går det dei som plyndrar oss, slikt utbytte får dei som ranar oss.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Isaiah 17.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.