Hebrews 9NO2011NN

1Den første pakta hadde òg sine forskrifter om gudsteneste, og ho hadde ein jordisk heilagdom.

2Det var reist eit telt. Det fremste rommet blir kalla Det heilage. Der stod lysestaken og bordet og skodebrøda.

3Bakom det inste forhenget var det eit anna rom som blir kalla Det høgheilage.

4Det hadde eit røykjelsesaltar av gull og paktkista som var kledd med gull over det heile. I kista var det ei gullkrukke med manna, Arons stav som fekk friske skot, og pakttavlene.

5Over kista var herlegdomskjerubane; dei la skuggen sin over soningsstaden. Dette kan vi ikkje gå nærare inn på no.

6På denne måten var alt ordna. Det fremste rommet går prestane stadig inn i når dei gjer si teneste.

7Men i det andre går øvstepresten inn åleine og berre ein gong om året, og aldri utan blod, som han ber fram for seg sjølv og for dei syndene folket har gjort utan å vita det.

8Dermed viser Den heilage ande at vegen inn i heilagdomen ikkje har vorte openberra så lenge det fremste rommet enno står.

9Dette er eit bilete på den tid som no er. Dei ber fram gåver og offer som ikkje kan gjera den som dyrkar Gud, fullkomen når det gjeld samvitet.

10Liksom forskriftene om mat og drikke og om alle slag reinsingar er dette berre ytre påbod: Dei skulle gjelda fram til tida då den rette ordninga vart innført.

11Men Kristus er komen som øvsteprest for alt det gode vi no har. Han har gått gjennom det teltet som er større og meir fullkome, og som ikkje er laga av menneskehand, det vil seia: som ikkje høyrer til denne skapte verda.

12Ikkje med blod av bukkar og kalvar, men med sitt eige blod gjekk han inn i heilagdomen éin gong for alle og kjøpte oss fri for evig.

13Blodet av bukkar og oksar og oska av ei kvige gjer heilag og rein i det ytre når det blir dynka på dei ureine.

14Kor mykje meir skal ikkje då Kristi blod reinsa samvitet vårt frå døde gjerningar, så vi kan tena den levande Gud. For Kristus har i kraft av ein evig Ande bore seg sjølv fram som eit feilfritt offer for Gud.

15Difor er Kristus mellommann for ei ny pakt. Han døydde for å kjøpa oss fri frå lovbrota i den første pakta, så dei som er kalla, skal få den evige arven som var lova dei.

16Når det ligg føre eit testamente, må det stadfestast at den som har oppretta det, er død.

17Testamentet tek til å gjelda først når opphavsmannen døyr; det gjeld ikkje så lenge han lever.

18Difor vart heller ikkje den første pakta oppretta utan blod.

19For då Moses hadde kunngjort kvart bod i lova for alt folket, tok han blodet av kalvane og bukkane, saman med vatn, skarlaksraud ull og isop, og dynka både på bokrullen og på alt folket

20og sa: « Dette er paktblodet; denne pakta har Gud fastsett for dykk. »

21Like eins dynka han blod på teltet og på alle dei kar som vart nytta i gudstenesta.

22Etter lova blir nesten alt reinsa med blod, og utan at blod blir utrent, finst det inga tilgjeving.

23Så må dei då reinsast på denne måten, dei jordiske etterlikningane av det som er i himmelen. Men den himmelske heilagdomen må reinsast med betre offer enn desse.

24For Kristus gjekk ikkje inn i ein heilagdom som er laga av menneskehand og berre er eit bilete av den sanne heilagdomen. Han gjekk inn i sjølve himmelen og stig no fram for Guds andlet for vår skuld.

25Han gjekk heller ikkje inn for å bera fram seg sjølv som offer fleire gonger, slik øvstepresten kvart år går inn i heilagdomen med blod som ikkje er hans eige.

26Då måtte han ha lide mange gonger heilt frå verda vart grunnlagd. Men no, ved endetida, har han stige fram éin gong for alle for å ta bort synda med sitt offer.

27Slik alle menneske må døy éin gong og sidan koma for dommen,

28slik er òg Kristus ofra éin gong for å bera syndene for dei mange, og så skal han andre gongen koma til syne, ikkje for synda si skuld, men for å frelsa dei som ventar på han.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Hebrews 9.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.