Hebrews 8NO2011NN

1Hovudsaka i det vi her talar om, er dette: Ein slik øvsteprest er det vi har, og han har sett seg på høgre sida av Majestetens kongsstol i himmelen.

2Der gjer han teneste i heilagdomen, den sanne teltheilagdomen, som er reist av Herren sjølv og ikkje av menneske.

3Kvar øvsteprest blir innsett til å bera fram gåver og offer. Difor må Kristus òg ha noko å bera fram.

4Viss han hadde vore på jorda no, hadde han ikkje vore prest, for her er det andre som ber fram offergåvene etter lova.

5Men dei gjer teneste i ein heilagdom som berre er ei etterlikning og ein skugge av den himmelske. Det ser vi av ordet Moses fekk frå Gud då han skulle reisa teltheilagdomen: « Sjå til at du gjer alt etter det førebiletet som vart vist deg på fjellet. »

6Men no har Kristus fått ei mykje høgare presteteneste, sidan han er mellommann for ei pakt som er så mykje betre og kviler på betre lovnader.

7Dersom det ikkje hadde vore noko å utsetja på den første pakta, hadde det ikkje vore bruk for ei anna.

8Men Gud har noko å utsetja på folket når han seier: Sjå, dagar skal koma, seier Herren, då eg gjer ei ny pakt med Israels hus og Judas hus,

9ikkje som den pakta eg gjorde med fedrane deira den dagen eg tok dei i handa og førte dei ut frå Egypt. For dei vart ikkje ståande i mi pakt, og eg brydde meg ikkje om dei, seier Herren.

10Men dette er pakta eg vil gjera med Israels hus i dagar som kjem, seier Herren: Eg vil leggja mine bod i sinnet deira og skriva dei i hjartet deira. Eg skal vera deira Gud, og dei skal vera mitt folk.

11Då skal ingen lenger undervisa sin landsmann og sin bror og seia: «Kjenn Herren!» For dei skal alle kjenna meg, både små og store.

12For i nåde vil eg tilgje all uretten deira og ikkje lenger hugsa syndene deira.

13Når Gud talar om ei ny pakt, har han dermed sagt at den første er forelda. Og det som blir gammalt og forelda, vil snart vera borte.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Hebrews 8.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.