1HERRENS ord kom til meg:
2Menneske, tal profetord og sei: Så seier Herren GUD: Klag og skrik: For ein dag!
3Dagen er nær, HERRENS dag er nær, ein skytung dag. Tida er inne for folkeslaga.
4Sverdet kjem over Egypt. Rier av redsle grip Kusj når egyptarar blir drepne, når rikdomane blir tekne frå dei og grunnmurane jamna med jorda.
5Kusj og Put, Lud og alle ørkenfolka, Kub og menn frå land dei står i pakt med, skal falla for sverd saman med dei.
6Så seier HERREN: Dei som støttar Egypt, skal falla. Den stolte makta deira skal gå under. Frå Migdol til Syene skal dei falla for sverd, seier Herren GUD.
7Dei skal leggjast aude mellom øydde land, byane skal liggja mellom ruinbyar.
8Dei skal kjenna at eg er HERREN når eg set eld på Egypt og alle som hjelper det, blir knuste.
9Den dagen skal sendebod frå meg dra ut med skip for å skremma det trygge Kusj. Rier av redsle grip dei når dagen kjem for Egypt. For sjå, han kjem!
10Så seier Herren GUD: Eg gjer ende på rikdomane i Egypt med handa til Nebukadnesar, kongen i Babel.
11Han og folket hans med han, brutale folkeslag, skal førast dit for å herja landet. Dei skal dra sverd mot Egypt og fylla landet med falne.
12Eg lèt elvane tørka ut og gjev landet i hendene på vonde. Med handa til framande øydelegg eg landet og alt som fyller det. Eg, HERREN, har tala.
13Så seier Herren GUD: Eg lèt avgudane gå til grunne og gjer ende på fillegudane i Nof. Det skal ikkje lenger finnast nokon fyrste frå Egypt. Eg spreier redsle i landet.
14Eg legg Patros audt, set eld på Soan og held dom over No.
15Eg auser ut min harme over Sin, festningsbyen i Egypt, og øydelegg rikdomane i No.
16Eg set eld på Egypt, Sin skal vri seg i smerte, No skal stormast og Nof takast midt på lyse dagen.
17Dei unge mennene i On og Pi-Beset skal falla for sverd, og kvinnene må fara i fangenskap.
18I Tahpanhes blir dagen mørk når eg bryt herskarstavane i Egypt så den stolte makta tek slutt. Skyer skal dekkja byen, døtrene hennar må fara i fangenskap.
19Eg held dom over Egypt. Dei skal kjenna at eg er HERREN.
20Det var i det ellevte året, på den sjuande dagen i den første månaden. HERRENS ord kom til meg:
21Menneske, eg har brote armen på farao, kongen i Egypt. Sjå, ingen har forbunde han så han kan bli frisk att. Ingen har lagt han i fatle så han blir sterk nok til å gripa sverdet.
22Difor seier Herren GUD: Sjå, eg kjem mot farao, kongen i Egypt. Eg bryt begge armane hans, både den sterke og den brotne. Eg slår sverdet ut av handa hans.
23Eg spreier egyptarane mellom folkeslaga og strør dei ut i landa.
24Eg styrkjer armane til kongen i Babel og gjev han mitt sverd i handa, men armane til farao bryt eg. Med banesår skal han sukka og stønna framfor han.
25Eg styrkjer armane til kongen i Babel, men armane til farao skal siga. Dei skal kjenna at eg er HERREN når eg legg sverdet mitt i handa på Babel-kongen og han retter det mot Egypt.
26Eg spreier egyptarane mellom folkeslaga og strør dei ut i landa. Dei skal kjenna at eg er HERREN.