Ezekiel 29NO2011NN

1Det var i det tiande året, på den tolvte dagen i den tiande månaden, at HERRENS ord kom til meg:

2Menneske, vend deg mot farao, kongen i Egypt! Tal profetord mot han og heile Egypt.

3Tal og sei: Så seier Herren GUD: Sjå, eg kjem over deg, farao, konge over Egypt, store uhyre som ligg roleg i elvane, du som seier: «Nilen er mi, eg har laga ho sjølv.»

4Eg set krokar i kjakane på deg og klistrar fisk frå elvane dine fast til skjela dine. Eg dreg deg opp or elvane, og all fisk frå elvane klistrar seg fast til skjela dine.

5Eg slengjer deg ut i ørkenen, deg og all fisken frå elvane. Du skal bli liggjande på marka, og ingen kan samla eller sanka deg saman. Eg gjev deg til føde for villdyra på jorda og for fuglane under himmelen.

6Då skal alle som bur i Egypt, kjenna at eg er HERREN, for dei har vore ein røyrstav for Israels hus.

7Når dei grip deg i handa, blir du knekt, men du flengjer armen på dei. Når dei stør seg på deg, blir du knust, men du gjer alle hofter kraftlause.

8Difor seier Herren GUD: Sjå, eg lèt sverd koma over deg, eg ryddar ut både menneske og dyr.

9Egypt skal bli øydemark og ørken, dei skal kjenna at eg er HERREN. Farao sa: «Nilen er mi, eg har laga henne.»

10Difor kjem eg mot både deg og elvane dine, eg gjer Egypt til ruinrøys og øydemark, frå Migdol til Syene, til grensa mot Kusj.

11Der skal menneskefot ikkje trø og dyrefot ikkje trakka. Ingen skal bu der på førti år.

12Eg gjer Egypt til ei øydemark mellom land som er lagde i øyde. Byane skal liggja øydde mellom ruinbyar i førti år. Eg spreier egyptarane mellom folkeslaga og strør dei ut i landa.

13Men så seier Herren GUD: Etter førti år vil eg samla egyptarane frå folka dei er spreidde imellom.

14Då vender eg lagnaden for egyptarane. Eg fører dei tilbake til Patros, landet dei kom ifrå. Der skal dei bli til eit lite kongerike.

15Det skal bli mindre enn andre rike og aldri meir lyfta seg over folkeslaga. Eg lèt dei bli så få at dei ikkje kan herska over andre.

16Hos dei skal israelittane aldri meir søkja tilflukt. Dei skal vedkjennast si skuld fordi dei vende seg til egyptarane. Dei skal kjenna at eg er Herren GUD.

17Det var i det tjuesjuande året, på den første dagen i den første månaden. HERRENS ord kom til meg:

18Menneske! Nebukadnesar, kongen i Babel, har late hæren sin streva hardt mot Tyros. Kvart hovud er snaua, kvar skulder er flådd. Men verken han eller hæren har fått løn av Tyros for alt strevet.

19Difor seier Herren GUD: Sjå, no gjev eg Egypt til Nebukadnesar, kongen i Babel. Han skal føra bort rikdomane, plyndra og røva og ta bytte og rov. Det skal hæren hans ha i løn.

20Eg gjev han Egypt til løn for det strevet han har hatt for meg i landet, seier Herren GUD.

21Den dagen lèt eg eit horn veksa fram i Israels hus. Og eg opnar din munn midt imellom dei. Dei skal kjenna at eg er HERREN.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Ezekiel 29.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.