Exodus 24NO2011NN

1Gud sa til Moses: «Kom opp til HERREN, du og Aron, Nadab og Abihu og sytti av dei eldste i Israel! Medan de enno er langt borte, skal de kasta dykk ned og tilbe!

2Berre Moses skal nærma seg HERREN, dei andre må ikkje koma nær. Og folket skal ikkje gå opp saman med han.»

3Moses kom og kunngjorde alle HERRENS ord og forskrifter for folket. Då svara dei samrøystes: «Alt HERREN har sagt, vil vi gjera.»

4Så skreiv Moses ned alle orda frå HERREN. Neste morgon stod han tidleg opp og bygde eit altar ved foten av fjellet og reiste tolv steinstøtter for Israels tolv stammar.

5Han sende ut nokre unge israelittar for å bera fram brennoffer og slakta oksar som fredsoffer for HERREN.

6Moses tok halvparten av blodet og helte det i skåler; den andre halvparten stenka han på altaret.

7Så tok han paktboka og las henne høgt for folket, og dei sa: «Vi vil vera lydige og gjera alt HERREN har sagt.»

8Då tok Moses blodet, stenka det på folket og sa: «Sjå, dette er paktblodet, den pakta HERREN har gjort med dykk på grunnlag av alle desse orda.»

9Moses og Aron, Nadab og Abihu og sytti av dei eldste i Israel gjekk då opp

10og fekk sjå Israels Gud. Under føtene hans var det som eit golv av safir, klårt som himmelen sjølv.

11Men mot Israels fremste menn lyfte han ikkje handa. Dei skoda Gud, og dei åt og drakk.

12Sidan sa HERREN til Moses: «Kom opp til meg på fjellet og bli der, så skal eg gje deg steintavlene, lova og boda som eg har skrive ned for å rettleia folket.»

13Då drog Moses i veg med Josva, tenaren sin. Og Moses gjekk opp på Guds fjell.

14Til dei eldste sa han: «Vent på oss her til vi kjem att! De har Aron og Hur hos dykk. Er det nokon som har ei sak, kan han gå til dei.»

15Så gjekk Moses opp på fjellet, og skya dekte fjellet.

16HERRENS herlegdom kvilte over Sinai-fjellet, og skya dekte det i seks dagar. Den sjuande dagen ropa Herren på Moses frå skya.

17Israelittane såg HERRENS herlegdom som ein øydande eld på fjelltoppen.

18Så gjekk Moses inn i skya og opp på fjellet. Og Moses vart verande på fjellet i førti dagar og førti netter.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Exodus 24.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.