Exodus 23NO2011NN

1Du skal ikkje setja ut falske rykte. Gjev ikkje handslag til den som er skuldig, så du blir eit urettferdig vitne!

2Du skal ikkje følgja fleirtalet i det som er vondt! Når du vitnar i ei rettssak, skal du ikkje gje etter for fleirtalet så du vrengjer retten.

3Du skal ikkje gje den svake parten føremoner i ei rettssak.

4Når du kjem over ein okse eller eit esel som høyrer fienden din til, og som har gått seg vill, skal du føra dyret tilbake til han.

5Når du ser at eselet til uvenen din segnar under børa, må du ikkje gå din veg. Du skal hjelpa han med det.

6Du skal ikkje vrengja retten for den fattige i ei rettssak.

7Hald deg borte frå falske klagemål. Ein skuldfri og ein rettferdig må du ikkje slå i hel, for eg vil ikkje frikjenna den som er skuldig.

8Du skal ikkje ta imot stikkpengar! For slike gåver gjer den klårsynte blind og øydelegg saka for den rettferdige.

9Du skal ikkje undertrykkja ein innflyttar! De veit korleis det kjennest å vera innflyttar, for de har sjølve vore innflyttarar i Egypt.

10Seks år skal du så til jorda di og hausta det ho ber.

11Men det sjuande året skal du la henne liggja brakk og kvila, så dei fattige i folket ditt kan livnæra seg av henne. Og det som blir att, kan villdyra eta. Det same skal du gjera med vinmarkene og oliventrea dine.

12Seks dagar skal du gjera arbeidet ditt. Men den sjuande dagen skal du kvila, så oksen din og eselet ditt kan få ro og sonen til slavekvinna og innflyttaren kan få koma til krefter.

13Alt det eg har sagt dykk, skal de halda. De skal ikkje nemna namnet på andre gudar; det må ikkje høyrast frå din munn.

14Tre gonger om året skal du feira høgtid for meg.

15Du skal halda høgtida med usyra brød. I sju dagar skal du eta usyra brød, slik eg har bode deg, til fastsett tid, i månaden abib, for det var då du drog ut frå Egypt. Ingen må visa seg tomhendt for mitt andlet.

16Du skal òg halda festen for kornhausten, når du haustar inn førstegrøda av det du sådde på marka, og festen for innhaustinga ved utgangen av året, når du haustar inn frukta av arbeidet ditt på marka.

17Tre gonger om året skal alle mennene hos deg stiga fram for HERREN over alle Herrar.

18Du skal ikkje ofra blodet av slaktofferet mitt saman med noko som er syra, og feittet av høgtidsofferet mitt må ikkje liggja natta over til neste morgon.

19Det beste av førstegrøda frå jorda di skal du koma med til huset åt HERREN din Gud. Du skal ikkje koka eit kje i mjølka frå mora.

20Sjå, eg sender ein engel føre deg for å ta vare på deg på vegen og føra deg til den staden som eg har gjort i stand.

21Legg merke til han og lyd han! Set deg ikkje opp mot han, for han vil ikkje bera over med syndene dykkar, for namnet mitt er i han.

22Men høyrer du på det han seier og gjer alt det eg byd deg, då vil eg vera ein fiende for dine fiendar og ein motstandar for dine motstandarar.

23For engelen min skal gå framfor deg og føra deg til amorittane og hetittane, perisittane og kanaanearane, hevittane og jebusittane, og eg vil utsletta dei.

24Du skal ikkje tilbe gudane deira og ikkje la deg lokka til å dyrka dei. Du skal ikkje gjera som dei, men du skal riva steinstøttene deira ned til grunnen og slå dei sund.

25De skal tena HERREN dykkar Gud. Då vil han velsigna brødet ditt og vatnet ditt. Sjukdom vil eg halda borte frå deg.

26Inga kvinne i landet ditt skal mista barn eller vera ufruktbar. Eg skal fylla ditt mål av dagar.

27Eg vil senda redsle for meg framfor deg og skapa forvirring blant alle dei folka du kjem til. Eg skal få alle fiendane dine til å snu ryggen til deg og flykta.

28Eg vil senda bisvermar framfor deg. Dei skal jaga hevittane, kanaanearane og hetittane bort frå deg.

29Eg vil ikkje driva dei ut før det er gått eitt år, så landet ikkje skal bli liggjande audt og villdyra bli for mange for deg.

30Litt etter litt vil eg driva dei ut for deg, til du blir så talrik at du kan ta landet i eige.

31Eg skal la landegrensene dine nå frå Sivsjøen til Filistarhavet, frå ørkenen til Eufrat. For eg vil gje dei som bur i landet, i di hand, og du skal driva dei bort framfor deg.

32Du skal ikkje gjera noka pakt med dei og med gudane deira.

33Dei må ikkje bli buande i landet ditt, så dei får deg til å synda mot meg. For dyrkar du gudane deira, blir det til ei snare for deg.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Exodus 23.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.