Ephesians 6NO2011NN

1Born, ver lydige mot foreldra dykkar i Herren, for det er rett.

2Du skal æra far din og mor di, dette er det første bodet som òg har ein lovnad:

3så det kan gå deg vel og du får leva lenge i landet.

4Foreldre, vekk ikkje sinne og trass hos borna, men gjev dei omsorg, så dei får ei oppseding og rettleiing som er etter Herrens vilje.

5Slavar, ver lydige mot dykkar jordiske herrar som mot Kristus sjølv, med respekt og ærefrykt og av eit ærleg hjarte.

6Ver ikkje augnetenarar, som berre vil gjera menneske til lags, men Kristi tenarar, som heilhjarta gjer Guds vilje.

7Gjer teneste med eit villig sinn; det er Herren og ikkje menneske de tener.

8De veit at kvar og ein skal få løn av Herren for det gode han gjer, anten han er fri eller slave.

9Og de herrar, gjer det same mot slavane. Lat vera å truga! De veit at både dei og de har same Herren i himmelen, og han gjer ikkje forskjell på folk.

10Til sist: Bli sterke i Herren, i hans veldige kraft!

11Ta på dykk heile Guds rustning, så de kan stå fast mot djevelens listige åtak.

12For vår strid er ikkje mot kjøt og blod, men mot makter og herredøme, mot verdsens herskarar i dette mørkret, mot vondskapens åndehær i himmelrommet.

13Ta difor heile Guds rustning på, så de kan gjera motstand på den vonde dagen, vinna over alt og bli ståande.

14Så stå då fast: Spenn sanninga til belte om livet, ta rettferda til brynje,

15og snør fredens evangelium til skor på føtene, så de er klare til å gå.

16Lyft trua høgt til skjold i alt som hender! Med det kan de sløkkja alle brennande piler frå den vonde.

17Ta frelsa til hjelm, og grip Andens sverd, som er Guds ord.

18Gjer dette i bøn, og legg alt fram for Gud! Be alltid, i Anden! Vak og hald ut i bøn for alle dei heilage.

19Be òg for meg, at ordet må bli gjeve meg når eg opnar munnen, så eg med frimod kan forkynna mysteriet i evangeliet,

20det som eg er sendebod for òg når eg er i lenkjer. Be om at eg ved evangeliet må få frimod til å tala som eg skal.

21Tykikos skal fortelja dykk alt, så de òg får vita korleis eg har det og korleis det står til med meg. Han er vår høgt elska bror og ein trufast tenar i Herren.

22Eg sender han til dykk for at de skal få høyra korleis vi har det, og for at han skal gje dykk mot i hjarta.

23Fred vere med syskena, og kjærleik og tru frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus!

24Nåde vere med alle som elskar vår Herre Jesus Kristus i eit liv som aldri skal forgå!

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Ephesians 6.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.