1Ja, likna Gud, de som er hans kjære born.
2Lev i kjærleik, liksom Kristus elska oss og gav seg sjølv for oss som ei gåve og eit offer, ein velluktande ange for Gud.
3Hor, alle slag ureinskap og eigesjuke må ikkje eingong nemnast mellom dykk; slikt sømer seg ikkje mellom dei heilage.
4Rå ord, tåpeleg tale og grovt snakk er òg uhøveleg. Sei heller Gud takk!
5For det skal de vita at ingen som driv hor, lever eit ureint liv eller er eigesjuk, har arverett til Kristi og Guds rike, for dette er avgudsdyrking.
6Lat ingen narra dykk med tomme ord, for det er slikt som gjer at Guds vreide kjem over dei ulydige.
7Gjer ikkje felles sak med slike!
8Ein gong var de sjølve mørker, men no — i Herren — er de lys. Så lev som born av lyset!
9For fruktene av lyset viser seg i alt som er godt, i rettferd og i sanning.
10Prøv då kva som er til glede for Herren!
11Ta ikkje del i dei gjerningane som høyrer mørkret til, for dei ber inga frukt; avslør dei heller.
12Det som slike folk driv med i løynd, er det ei skam berre å nemna.
13Men alt kjem for dagen når lyset får avsløra det,
14og alt som kjem for dagen, er lys. Difor heiter det: Vakna, du som søv, stå opp frå dei døde, og Kristus skal lysa for deg.
15Pass difor nøye på korleis de lever, ikkje som ukloke, men som kloke menneske,
16så de nyttar den dyrebare tida godt, for dagane er vonde.
17Ver ikkje uforstandige, men forstå kva som er Herrens vilje.
18Drikk dykk ikkje fulle av vin, det fører til utskeiing, men bli fylte av Anden
19og syng saman, med salmar og hymner og åndelege songar. Syng og spel av hjartet for Herren!
20Takk alltid vår Gud og Far for alle ting i namnet åt vår Herre Jesus Kristus.
21Ver underordna kvarandre i ærefrykt for Kristus,
22de kvinner under dykkar ektemenn som under Herren sjølv.
23For mannen er hovudet for kvinna liksom Kristus er hovudet for kyrkja; han er frelsar for kroppen sin.
24Liksom kyrkja underordnar seg Kristus, skal ei kvinne underordna seg mannen sin i alle ting.
25Menn, elsk konene dykkar, liksom Kristus elska kyrkja og gav seg sjølv for henne,
26så han kunne gjera henne heilag og reinsa henne med badet i vatn, i kraft av eit ord.
27På den måten ville han stilla henne fram for seg i herlegdom utan den minste flekk eller rynke. Heilag og lytefri skulle ho vera.
28På same måten skal mennene elska konene sine som sin eigen kropp. Den som elskar kona si, elskar seg sjølv.
29Ingen har nokon gong hata sin eigen kropp, nei, ein gjev kroppen næring og tek seg av han slik Kristus gjer med kyrkja.
30For vi er lemer på hans kropp.
31Difor skal mannen forlata far og mor og halda fast ved kvinna si, og dei to skal vera éin kropp.
32Dette er eit stort mysterium; eg tenkjer på Kristus og kyrkja.
33Men det gjeld dykk òg: Kvar og ein av dykk skal elska kona si som seg sjølv, og ho skal ha respekt for mannen sin.