Amos 3NO2011NN

1Høyr dette ordet som HERREN talar mot dykk, de israelittar, mot heile den slekta eg førte opp frå Egypt:

2Berre dykk ville eg kjennast ved mellom alle slektene på jorda. Difor vil eg straffa dykk for alle syndene dykkar.

3Går vel to i lag utan å ha ein avtale?

4Brøler vel løva i skogen utan å ha eit bytte? Knurrar ungløva i hòla utan å ha fanga noko?

5Fell vel fuglen til jorda utan at ei felle er sett opp? Sprett snara frå marka utan at ho har fanga noko?

6Gjallar hornet i byen utan at folket skjelv? Skjer det ei ulukke i byen utan at HERREN har gjort det?

7Nei, Herren GUD gjer ikkje noko utan å openberra sitt løynde råd for tenarane sine, profetane.

8Løva brøler — kven blir ikkje redd? Herren GUD talar — kven blir ikkje profet?

9Lat det høyrast over borgene i Asjdod og over borgene i Egypt, og sei: Kom saman på fjella kring Samaria! Sjå den store forvirringa hos henne og undertrykkinga i byen!

10Dei veit ikkje å gjera det rette, seier HERREN. Dei dyngjer opp vald og ran i borgene sine.

11Difor seier Herren GUD: Fienden skal omringa landet, riva ned festninga di, borgene skal plyndrast.

12Så seier HERREN: Som gjetaren bergar to leggbein eller ein øyreflipp frå løvegapet, slik skal israelittane bergast, dei som sit i sofahjørne i Samaria og på divanar i Damaskus.

13Høyr og ver vitne mot Jakobs hus! seier Herren GUD, allhærs Gud.

14Ja, den dagen eg straffar Israel for syndene deira, lèt eg straffa råka altara i Betel. Altarhorna blir hogne av og fell til jorda.

15Då knuser eg både vinterhus og sommarhus. Elfenbeinshus skal gå til grunne og store bygningar siga i røys, seier HERREN.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Amos 3.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.