Amos 2NO2011NN

1Så seier HERREN: Tre ugjerningar av Moab, ja, fire — eg held det ikkje tilbake! For dei brende Edom-kongens knoklar til kalk.

2Eg sender eld mot Moab, han skal øyda borgene i Kerijot. Moab skal døy under krigslarm, under kamprop og hornstøytar.

3Eg ryddar ut dommaren der og drep stormennene med, seier HERREN.

4Så seier HERREN: Tre ugjerningar av Juda, ja, fire — eg held det ikkje tilbake! For dei forakta HERRENS lov, dei heldt ikkje hans forskrifter. Løgner førte dei vill, løgner som fedrane følgde.

5Eg sender eld mot Juda, han skal øyda borgene i Jerusalem.

6Så seier HERREN: Tre ugjerningar av Israel, ja, fire — eg held det ikkje tilbake! For dei sel den rettferdige for pengar, den fattige for eit par sandalar.

7Dei trakkar hovudet til dei svake ned i støvet og trengjer hjelpelause bort frå vegen. Ein mann og far hans går til same jenta så mitt heilage namn blir vanhelga.

8Dei breier seg på pantsette klede attmed kvart altar. Vin teken i bøter drikk dei i huset til sin Gud.

9Men det var eg som rydda ut amorittane for dei, dei som var høge som sedrar og sterke som eiker. Eg øydela frukta oppe og røtene nede.

10Det var eg som førte dykk opp frå Egypt og leidde dykk i øydemarka i førti år så de kunne ta amorittlandet.

11Eg lét nokre av sønene dykkar stå fram som profetar og nokre unge menn som nasirearar. Er det ikkje slik, israelittar? seier HERREN.

12Men de skjenkte nasirearane vin og baud profetane: Tal ikkje profetord!

13Sjå, eg lèt grunnen skaka under dykk som under ei vogn full av korn.

14Den raske er ikkje i stand til å flykta, den sterke kan ikkje bruka si kraft, og helten bergar ikkje livet.

15Bogeskyttaren held ikkje stand, den som er lett på foten, kjem seg ikkje unna, og ryttaren bergar ikkje livet.

16Den djervaste helten skal rømma naken den dagen, seier HERREN.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Amos 2.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.