Acts 26NO2011NN

1Så sa Agrippa til Paulus: «Du kan få lov til å svara for deg.» Paulus lyfte handa og tok til med forsvaret:

2«Eg held det for ei lukke at det er framfor deg, kong Agrippa, eg i dag skal forsvara meg mot alt det som jødar skuldar meg for,

3sidan du kjenner så vel alle skikkar og stridsspørsmål hos jødane. Difor bed eg deg om å høyra på meg med tolmod.

4Heilt frå barndomen har eg budd mellom folket mitt og i Jerusalem, og alle jødar veit korleis livet mitt har vore.

5Dei kjenner meg frå før, om dei berre vil vitna om det, og veit at eg har levd som farisear og høyrt til den strengaste retninga i religionen vår.

6Og no står eg her og skal dømmast fordi eg set mi von til den lovnaden Gud gav fedrane våre,

7den lovnaden som det tolvætta folket vårt vonar å sjå oppfylt — difor er dei uthaldande og dyrkar Gud natt og dag. For denne vona, konge, kjem jødar med skuldingar mot meg.

8Kvifor blir det rekna som utruleg hos dykk at Gud vekkjer opp døde?

9Eg tykte sjølv ein gong at det var ei plikt å strida av all kraft mot nasarearen Jesu namn.

10Og det gjorde eg i Jerusalem. Eg fekk fullmakt frå overprestane og kasta mange av dei heilage i fengsel. Var det tale om å avretta dei, røysta eg for.

11Rundt omkring i alle synagogane fekk eg dei ofte straffa for å tvinga dei til å spotta. Og rasande som eg var, forfølgde eg dei heilt til byar i utlandet.

12Medan dette stod på, fór eg ein gong til Damaskus med fullmakt og oppdrag frå overprestane.

13På den ferda, konge, såg eg midt på dagen eit lys frå himmelen, klårare enn sola. Det stråla omkring meg og dei som var i lag med meg.

14Vi fall alle til jorda, og eg høyrde ei røyst som sa til meg på hebraisk: ‘Saul, Saul, kvifor forfølgjer du meg? Det blir hardt for deg å stampa mot brodden!’

15‘Kven er du, Herre?’ spurde eg. Og Herren svara: ‘Eg er Jesus, han som du forfølgjer.

16Men reis deg opp og stå på føtene! Eg har synt meg for deg fordi eg vil velja deg ut til tenar og til vitne, både om det du har sett av meg, og om det du sidan skal få sjå,

17når eg bergar deg ut frå ditt eige folk og frå alle heidningfolka. Eg sender deg til dei

18for å opna auga deira, så dei vender om frå mørker til lys, frå Satans makt til Gud, og får tilgjeving for syndene og arverett saman med dei som har vorte helga ved trua på meg.’

19Og difor, kong Agrippa, har eg ikkje vore ulydig mot det himmelske synet.

20Tvert om har eg forkynt, først i Damaskus og Jerusalem, sidan i heile Judea og for heidningfolka, at dei må skifta sinn og venda om til Gud og gjera gjerningar som svarar til omvendinga.

21Difor var det at nokre jødar greip meg i tempelet og ville drepa meg.

22Men til denne dag har Gud hjelpt meg, og no står eg her og vitnar for høg og låg, og eg seier ikkje anna enn det som profetane og Moses sa skulle henda:

23at Messias skulle lida, at han skulle vera den første som stod opp frå dei døde, og at han sidan skulle forkynna lyset både for vårt folk og for heidningfolka.»

24Då han kom til desse orda i forsvarstalen, ropa Festus høgt: «Du er frå sans og samling, Paulus! Den store lærdomen din fører deg frå forstanden.»

25Men Paulus svara: «Eg er ikkje frå forstanden, vørde Festus. Alt det eg seier, er sant og vel gjennomtenkt.

26Kongen kjenner til desse tinga; difor talar eg så frimodig til han. Eg kan ikkje tru at noko av dette er ukjent for han. Det har då ikkje gått føre seg i ein avkrok.

27Trur du profetane, kong Agrippa? Eg veit at du trur.»

28Då sa Agrippa til Paulus: «Det er like før du får overtala meg til å bli ein kristen.»

29Paulus svara: «Like før eller lenge att, det er mitt ønske til Gud at både du og alle som høyrer meg i dag, må bli som eg, men utan desse lenkjene.»

30Så reiste kongen seg saman med landshovdingen og Berenike og dei andre som sat der.

31Då dei hadde trekt seg tilbake, tala dei med kvarandre og sa: «Den mannen gjer ikkje noko som han fortener dødsstraff eller fengsel for.»

32Og Agrippa sa til Festus: «Han kunne ha vorte sett fri om han ikkje hadde anka til keisaren.»

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Acts 26.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.