Acts 25NO2011NN

1Tre dagar etter at Festus var komen til provinsen, drog han frå Cæsarea og opp til Jerusalem.

2Overprestane og dei fremste av jødane møtte då fram hos han med skuldingar mot Paulus. Og dei bad han

3gjera dei den tenesta å senda Paulus til Jerusalem, for dei ville leggja seg i bakhald og drepa han på vegen.

4Men Festus svara at Paulus skulle haldast i varetekt i Cæsarea, og at han sjølv snart skulle tilbake dit.

5«Så kan dei av dykk som har fullmakt til det», sa han, «vera med og leggja fram skuldinga, om det er noko gale med mannen».

6Han hadde ikkje vore der meir enn åtte–ti dagar, så drog han ned til Cæsarea. Dagen etter sette han seg i dommarsetet og baud at Paulus skulle førast fram.

7Straks han kom inn, stilte dei seg omkring han, dei jødane som var komne ned frå Jerusalem, og dei sette fram mange harde skuldingar som dei ikkje kunne føra prov for.

8Paulus forsvara seg og sa: «Eg har ikkje forbrote meg, korkje mot lova til jødane eller mot tempelet eller mot keisaren.»

9Festus ville gjerne gjera jødane til lags. Difor sa han til Paulus: «Er du villig til å dra opp til Jerusalem og få saka avgjord der, med meg som dommar?»

10Men Paulus svara: «Eg står for domstolen til keisaren, og det er her eg skal dømmast. Mot jødane har eg ingen urett gjort, det veit du godt.

11Er eg skuldig i noko som fortener dødsstraff, bed eg ikkje om å få sleppa å døy. Men er det ikkje noko i det som desse mennene klagar meg for, så kan ingen gje meg over til dei. Eg ankar saka mi inn for keisaren.»

12Festus drøfte saka med rådgjevarane sine og sa frå: «Du har anka til keisaren, og til keisaren skal du fara.»

13Nokre dagar etter kom kong Agrippa og Berenike til Cæsarea for å helsa på Festus.

14Då dei vart verande i fleire dagar, fortalde Festus kongen om saka til Paulus: «Det er ein mann her», sa han, «som Feliks har late etter seg i fengselet.

15Då eg kom til Jerusalem, møtte overprestane og dei eldste hos jødane fram med skuldingar mot han og bad om å få han dømd.

16Eg svara at romarane ikkje har for vane å utlevera nokon som er klaga, før han har møtt klagarane og fått høve til å forsvara seg mot skuldinga.

17Så kom dei saman her, og eg lét dei ikkje venta lenge. Alt dagen etter sette eg meg i dommarsetet og baud at mannen skulle førast fram.

18Klagarane samla seg omkring han, men dei kom ikkje med skuldingar om brotsverk, som eg hadde venta.

19Dei var berre usamde med han om nokre spørsmål i deira eigen religion og om ein som heitte Jesus. Han er død, men Paulus påstår at han lever.

20Eg visste ikkje korleis eg skulle greia ut denne saka, og spurde om han kunne tenkja seg å fara til Jerusalem og få dom der.

21Men Paulus anka og ville sitja i varetekt til den høge keisaren kunne avgjera saka. Difor baud eg at han skulle bli sitjande til eg får sendt han til keisaren.»

22«Den mannen har eg òg hug til å høyra», sa Agrippa. «I morgon skal du få høyra han», svara Festus.

23Dagen etter kom Agrippa og Berenike i full stas og steig inn i audienssalen saman med dei øvste offiserane og dei fremste mennene i byen. På ordre frå Festus vart Paulus ført inn.

24Så tok Festus ordet og sa: «Kong Agrippa og alle de som er samla her! Her ser de den mannen som har fått heile jødefolket til å venda seg til meg, både i Jerusalem og her. Dei ropar og krev at han ikkje skal få leva lenger.

25Eg skjøna at han ikkje hadde gjort noko som fortener dødsstraff. Men då han anka til den høge keisaren, sette eg meg føre å senda han dit.

26No har eg ikkje noko påliteleg å skriva til majesteten. Difor fører eg han fram for dykk, først og fremst for deg, kong Agrippa, så eg etter forhøyret kan vita kva eg skal skriva.

27For eg finn det meiningslaust å senda ein fange av stad utan å gjera greie for skuldinga mot han.»

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Acts 25.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.