Acts 2NO2011NN

1Då pinsedagen kom, var alle samla på éin stad.

2Brått lét det frå himmelen som når ein sterk vind blæs, og lyden fylte heile huset dei sat i.

3Tunger, liksom av eld, synte seg for dei, skilde seg og sette seg på kvar og ein av dei.

4Då vart dei alle fylte av Den heilage ande og tok til å tala på andre språk etter som Anden gav dei å forkynna.

5I Jerusalem budde det fromme jødar frå alle folkeslag under himmelen.

6Då dei høyrde denne lyden, samla det seg ei stor folkemengd, og det vart stor forvirring, for kvar og ein høyrde at det vart tala på hans eige morsmål.

7Reint frå seg av undring spurde dei: «Men er dei ikkje galilearar, alle desse som talar?

8Korleis går det så til at vi alle høyrer dei tala på vårt eige morsmål?

9Vi er partarar og medarar og elamittar, folk som bur i Mesopotamia, Judea og Kappadokia, i Pontos og Asia,

10Frygia og Pamfylia, i Egypt og i områda ved Kyréne i Libya, vi er innflyttarar frå Roma,

11jødar og proselyttar, kretarar og arabarar — og vi høyrer dei tala om Guds storverk på våre eigne tungemål!»

12Dei visste ikkje kva dei skulle tru, og rådville spurde dei kvarandre: «Kva kan dette vera?»

13Men nokre gjorde narr av dei og sa: «Dei har drukke seg fulle på søt vin.»

14Då steig Peter fram saman med dei elleve. Med sterk røyst tala han til dei: «Jødiske menn og alle de som bur i Jerusalem! Merk dykk kva eg seier. Ja, lyd vel til orda mine!

15Desse menneska er ikkje fulle, som de trur. Det er då berre tredje timen på dagen.

16Men dette er det som er sagt gjennom profeten Joel:

17I dei siste dagar skal det henda, seier Gud, at eg auser ut min Ande over alle menneske. Sønene og døtrene dykkar skal profetera, dei unge skal sjå syn, og dei gamle skal drøyma draumar.

18Sjølv over slavane og slavekvinnene mine vil eg ausa ut min Ande i dei dagane, og dei skal tala profetord.

19Eg set varsel oppe på himmelen og teikn nede på jorda, blod og eld og røykskyer.

20Sola skal bli omskapt til mørker og månen til blod før Herrens dag kjem, den store og strålande.

21Men kvar den som kallar på Herrens namn, skal bli frelst.

22Israelittar, høyr desse orda! Jesus frå Nasaret var ein mann som Gud peika ut for dykk med mektige gjerningar og under og teikn som Gud lét han gjera blant dykk. Dette kjenner de sjølve til.

23Han vart utlevert til dykk, slik Gud på førehand fastsette og kjende til, og ved hjelp av hendene til lovlause nagla de han til krossen og drap han.

24Men Gud reiste han opp att og løyste han frå dødsriene. Døden var ikkje sterk nok til å halda på han.

25For David seier om han: Alltid har eg Herren for auga, han er ved mi høgre side, eg skal ikkje vakla.

26Difor var det glede i mitt hjarte og jubel på mi tunge, ja, sjølv kroppen skal slå seg til ro med von.

27Du skal ikkje la mi sjel bli verande i dødsriket. Du skal ikkje la din heilage sjå forròtning.

28Du har lært meg å kjenna livsens vegar. Du skal fylla meg med glede for ditt andlet.

29Brør, lat meg tala ope og rett fram til dykk om David, stamfaren vår. Han døydde og vart gravlagd, og grava hans er hos oss den dag i dag.

30Men han var ein profet og visste at Gud med eid hadde lova å setja hans livsfrukt på trona hans.

31Difor såg han inn i framtida og tala om at Messias skulle stå opp. Det var han som ikkje skulle bli verande i dødsriket, og det var kroppen hans som ikkje skulle sjå forròtning.

32Denne Jesus var det Gud reiste opp, det er vi alle vitne om.

33Han vart opphøgd til Guds høgre hand og fekk av Far sin Den heilage ande som var lova, og den har han no aust ut. Det er dette de ser og høyrer.

34For David fór ikkje opp til himmelen, men han seier: Herren sa til min herre: Set deg ved mi høgre hand

35til eg får lagt dine fiendar som skammel for dine føter.

36Så skal heile Israelsfolket vita for visst: Denne Jesus som de krossfeste, han har Gud gjort til både Herre og Messias.»

37Då dei høyrde dette, stakk det dei i hjartet, og dei sa til Peter og dei andre apostlane: «Kva skal vi gjera, brør?»

38Peter svara: «Vend om og lat dykk døypa i Jesu Kristi namn, kvar og ein av dykk, så de får tilgjeving for syndene, og de skal få Den heilage andens gåve.

39For lovnaden gjeld dykk og borna dykkar og alle som er langt borte, så mange som Herren vår Gud kallar på.»

40Også med mange andre ord vitna han for dei og formana dei: «Lat dykk frelsa frå denne rangsnudde slekta.»

41Dei som tok imot bodskapen hans, vart døypte, og den dagen vart det lagt til om lag tre tusen menneske.

42Dei heldt seg trufast til læra frå apostlane, til fellesskapet, brødsbrytinga og bønene.

43Kvar og ein vart gripen av ærefrykt, og mange var dei under og teikn apostlane gjorde.

44Alle som var komne til tru, heldt saman og hadde alt i lag.

45Dei selde eigedomane sine og anna gods og delte ut til alle etter som kvar trong det.

46Med eitt sinn samla dei seg kvar dag på tempelplassen, og i heimane braut dei brødet og åt i lag med ekte og inderleg glede.

47Dei song og lova Gud og var godt lika av alt folket. Og kvar dag la Herren til nye som lét seg frelsa.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Acts 2.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.