Acts 1NO2011NN

1I den første boka mi, gode Teofilos, skreiv eg om alt det Jesus gjorde og lærte, frå han begynte

2og heilt til den dagen han vart teken opp til himmelen. Då hadde han ved Den heilage ande gjeve sine påbod til dei apostlane han hadde valt ut.

3Etter at han hadde lide døden, steig han levande fram for dei med mange klåre bevis på at han levde: I førti dagar synte han seg for dei og tala om det som høyrer Guds rike til.

4Ein gong han åt saman med dei, gav han dei dette påbodet: «De skal ikkje dra bort frå Jerusalem, men venta på det som Far har lova, det som de har høyrt av meg.

5For Johannes døypte med vatn, men de skal døypast med Den heilage ande om nokre få dagar.»

6Medan dei var samla, spurde dei han: «Herre, er tida komen då du vil reisa opp att riket for Israel?»

7Han svara: «Det er ikkje gjeve dykk å kjenna tider og stunder som Far har fastsett av si eiga makt.

8Men de skal få kraft når Den heilage ande kjem over dykk, og de skal vera mine vitne i Jerusalem og heile Judea, i Samaria og heilt til enden av jorda.»

9Då han hadde sagt dette, vart han lyft opp medan dei såg på, og ei sky tok han bort for auga deira.

10Som dei stod og stirte opp mot himmelen då han fór bort, stod det med eitt to menn i kvite klede framfor dei

11og sa: «Galilearar, kvifor står de og ser opp mot himmelen? Denne Jesus, som vart teken bort frå dykk opp til himmelen, han skal koma att på same måten som de såg han fara opp til himmelen.»

12Då vende dei tilbake til Jerusalem frå den høgda som heiter Oljeberget og ligg nær Jerusalem, berre ei sabbatsreise unna.

13Inne i byen gjekk dei opp på den salen der dei brukte å halda til. Det var Peter og Johannes, Jakob og Andreas, Filip og Tomas, Bartolomeus og Matteus, Jakob, son til Alfeus, Simon seloten og Judas, son til Jakob.

14Alle desse heldt trufast saman i bøn, i lag med nokre kvinner og Maria, mor til Jesus, og brørne hans.

15Ein gong i desse dagane steig Peter fram mellom syskena. Det var samla om lag hundre og tjue menneske.

16«Mine sysken», sa han, «det måtte oppfyllast, det skriftordet som Den heilage ande lét David seia om Judas, han som vart vegvisar for dei som greip Jesus.

17Han var rekna mellom oss og hadde del i same teneste og oppdrag.

18For den løna han fekk for ugjerninga si, kjøpte han ein åker. Men han fall hovudstups så buken rivna og alle innvolane valt ut.

19Alle som bur i Jerusalem, fekk vita dette, og på sitt eige mål kallar dei difor åkeren Hakeldama — det tyder Blodåkeren.

20For det står skrive i Salmane: Lat bustaden hans liggja i øyde, lat ingen bu der, og: Lat ein annan overta hans oppdrag!

21Nokre menn var saman med oss heile den tida Herren Jesus gjekk inn og ut blant oss,

22heilt frå byrjinga, då han vart døypt av Johannes, og til den dagen han vart teken frå oss opp til himmelen. No må ein av desse saman med oss vera vitne om at han er stått opp.»

23To menn vart kalla fram: Josef, som vart kalla Barsabbas med tilnamnet Justus, og Mattias.

24Og dei bad: «Herre, du som kjenner alle hjarte, vis oss kven av desse to du har valt ut

25til å ta plassen etter Judas og overta den aposteltenesta som han gjekk ifrå då han fór til sin eigen stad.»

26Dei kasta lodd, og loddet fall på Mattias. Sidan vart han rekna som apostel saman med dei elleve.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for Acts 1.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.