2 Timothy 4NO2011NN

1Så sant som han kjem og opprettar sitt rike, byd eg deg framfor Guds og Kristi Jesu andlet, han som skal dømma levande og døde:

2Forkynn Ordet, stå klar i tide og utide, vis til rette, tal til tukt og tal til trøyst, og gjer alt med tolmodig undervising!

3For det skal koma ei tid då folk ikkje toler den sunne læra, men etter eige hovud tek seg lærarar i hopetal, for dei vil ha det som kilar i øyret.

4Dei skal venda øyret frå sanninga og halda seg til mytar.

5Men du skal vera edru i alt det du gjer! Ber lidingane, gjer evangelistens gjerning og fullfør di teneste!

6For eg blir no ofra, og tida er komen då eg skal fara herifrå.

7Eg har stridd den gode striden, fullført løpet og halde fast på trua.

8No ligg rettferdskransen ferdig for meg, den som Herren, den rettferdige dommaren, skal gje meg på den store dagen, og ikkje berre meg, men alle som har lengta med kjærleik etter at han skal koma.

9Skund deg og kom til meg så fort du kan.

10For Demas gjekk frå meg fordi han fekk denne verda kjær. Han har reist til Tessalonika. Kreskens har reist til Galatia, Titus til Dalmatia.

11Berre Lukas er hos meg. Ta med deg Markus når du kjem; han er til stor hjelp for meg i tenesta.

12Tykikos har eg sendt til Efesos.

13Når du kjem, så ta med deg den kappa eg lét vera att i Troas hos Karpos, og bøkene, framfor alt pergamentrullane.

14Koparsmeden Aleksander har gjort meg mykje vondt. Herren skal gje han att etter hans gjerningar.

15Pass deg for han, du òg, for han har gått hardt imot forkynninga vår.

16Første gongen eg forsvara meg i retten, var det ingen som stod fram og hjelpte meg. Alle forlét meg. Gjev det ikkje må bli tilrekna dei!

17Men Herren var med meg og styrkte meg, så forkynninga skulle fullførast og alle folkeslag få høyra — og eg vart berga ut or løvegapet.

18Ja, Herren skal berga meg frå alt vondt og frelsa meg inn i sitt himmelske rike. Han vere ære i all æve! Amen.

19Hels Priska og Akvilas og alle i heimen til Onesiforos.

20Erastos vart att i Korint, og Trofimos lét eg vera att i Miletos, for han var sjuk.

21Skund deg og kom før vinteren! Eubulos, Pudens, Linus, Klaudia og alle syskena sender si helsing.

22Herren vere med di ånd! Nåden vere med dykk!

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for 2 Timothy 4.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.