2 Timothy 3NO2011NN

1Du skal vita at i dei siste dagane skal det koma tunge tider.

2Då skal folk vera sjølvopptekne og pengegriske, skrytande, hovmodige, spottande, ulydige mot foreldre, utakksame og utan tanke for det heilage,

3ukjærlege og uforsonlege, baktalande og utan herredøme over seg sjølve, råe, utan kjærleik til det gode,

4svikefulle, oppfarande og store i eigne auge. Dei elskar lystene sine meir enn dei elskar Gud.

5Dei er gudfryktige utanpå, men fornektar krafta i gudsfrykta. Vend deg bort frå slike folk!

6Mellom dei er det nokre som lurer seg inn i heimane og får makt over svake kvinner som er tyngde av synder, slike kvinner som lèt seg driva av mange slag lyster,

7og som alltid får undervising, men aldri kan læra sanninga å kjenna.

8Slik Jannes og Jambres sette seg opp mot Moses, set desse menneska seg opp mot sanninga. Dømmekrafta deira er øydelagd, og trua deira held ikkje mål.

9Men no skal dei ikkje ha meir framgang. For det skal bli klårt for alle kor vitlause dei er. Slik gjekk det òg med Jannes og Jambres.

10Men du har følgt meg i lære og liv, i forsett, i tru, i tolmod, kjærleik og vilje til å halda ut,

11og gjennom forfølging og liding, som det eg vart utsett for i Antiokia, Ikonium og Lystra. Ja, kva har eg ikkje måtta tola av forfølgingar! Men Herren har fria meg ut av dei alle.

12Alle som vil leva eit gudfryktig liv i Kristus Jesus, skal bli forfølgde.

13Men vonde menneske og svindlarar går frå vondt til verre; dei fører vill og blir sjølve førte vill.

14Men hald du fast på det du har lært og er overtydd om; du veit kven du har lært det av.

15Og heilt frå du var eit lite barn, har du kjent dei heilage skriftene, som kan gje deg visdom til frelse ved trua på Kristus Jesus.

16Kvar bok i Skrifta er innanda av Gud og til nytte i opplæring, formaning, rettleiing og oppseding i rettferd,

17så det mennesket som høyrer Gud til, kan bli fullt utrusta til all god gjerning.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 2011 Det Norske Bibelselskap.

Choose Translation

Switch translation for 2 Timothy 3.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.